Eg har i fleire år snakka om at ein skulle ha tatt seg ein tur til Selja kloster, og med den hetebølga vi har no vart det freistande med ein båttur i havgapet. Eg trur dei må ha endra båttidene, for dei var veeldig humane for oss som ikkje er morgonfuglar. Ein må beregne tid til 1 1/2 time køyring òg, så då var det greitt å ta båden som gjekk 13.15. Turen varer i to timar inklusiv båtturen ut, guiding ved klosteret, tid til å utforske på eiga hand og båtturen heim. Ein kunne velje å gå ein sti rundt øya, men det var langt mindre interessant enn å vere ved klosteret. Vi fekk høyre legenden om St Sunniva, den irske prinsessa som flykta for å sleppe å gifte seg med ein norsk heidning, og etterpå kunne ein gå opp trappa til hola der ho og følgjet hennar gøymde seg. Det er framleis ei kyrkje inst i hola. Guiden avslutta opphaldet i klosteret med å synge ein salme inne i tårnet på klosteret.
Av og til er kortreiste opplevingar overraskande kjekke, og dette var ei slik oppleving. Skodda låg tjukk då vi kom til Selje, men ute på Selja kom sola gjennom akkurat då guiden begynte på legenda om Sunniva. Det var svært stemningsfullt! Turen kan absolutt anbefalast, og billettar kan kjøpast på nett på førehand.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar