søndag 28. september 2025

Bok 29 2025: "Dødelig kjærlighet" av Egil Foss Iversen


Boka startar med ein slags prolog som skildrar eit brutalt samleie, og så begynner sjølve boka med ei politikvinne som har drepe ein mann under valdtekt. Vi blir som lesarar derfor skeptiske til denne historia frå starten av. Det heile utviklar seg til ei forteljing om ulike perverterte menneske, som òg har vore tema i tidlegare bøker i serien. Boka er langt meir spennande enn den førre i serien, men slutten er litt ufullstendig, synest eg. Det hadde vore greitt å vite meir om motiv og framgangsmåte, tenkjer eg.

Bok 28 2025: "Dødelig olje" av Egil Foss Iversen


Denne boka fekk eg rett og slett ikkje heilt taket på, og eg var nesten letta då den var slutt og eg kunne starte på ei ny bok. Handlinga er delvis lagd til ein oljeplattform, men den er òg knytt opp mot rasisme, muslimhat og ein motorsykkelgjeng. Det skjer fleire drap, men eg opplevde likevel handlinga som litt keisam og uengasjerande, utan at eg heilt greier å setje fingeren på kva som mangla. 

søndag 21. september 2025

Genser nummer 83: "Etterår" i Viking Eco Highland wool


I denne femte utgåva mi av denne genseren, bytta eg til ein storleik mindre på pinnane. Dette gav ein litt fastare struktur enn på dei tidlegare genserane. Dette er favorittfargen min, så eg reknar med genseren blir mykje brukt. Genseren ligg ikkje så pent på biletet, men eg kan forsikre om at den er normalt pent strikka.

fredag 19. september 2025

Bok 27 2025: "Dødelig forhold" av Egil Foss Iversen

 
Ei kvinne dett ned ei trapp og døyr - eller vart ho skubba? Etterforskinga fører til at ektemannen blir mistenkt, og han treng advokathjelp. Då ein mann vert funnen skoten, vert ein politibetjent mistenkt, og mykje av boka handlar om å finne ut om dei mistenkte er skuldige eller ikkje. Boka tek føre seg homofili på ulike måtar, og til tider kan scenene vere så grundig skildra at ein bør late att bilvindauga viss ein lyttar til lydbok på ferja.


Bok 26 2025: "Dødelig arv" av Egil Foss Iversen

Theodor er på veg heim frå jobb då ha brått blir vitne til at ei ung kvinne vert forfølgd av to menn. Kvinna døyr på sjukehuset, og det viser seg at ho manglar nyre og auge. Seinare vert ein rik advokat funnen død etter det som ser ut som eit sjølvmord. Finst det ein samanheng mellom desse hendingane? 

søndag 14. september 2025

Bok 25 2025: "Dødelig dans" av Egil Foss Iversen

Theodor vert hyra inn for å hjelpe til i ein eigedomskonflikt på ei øy utanfor Bergen, der eit milliardprosjekt skal setjast i gang og generere pengar til dei som eig området. Ute på øya skjer det langt mindre trivielle ting, som heksesabbatar, blodoffer og orgiar, og snart begynner verre ting å skje. I denne boka var det mange karakterar med fleire identitetar, og det vart litt vanskeleg å henge med mot slutten, men det var god underhaldning.

Bok 24 2025: "Dødelige bekjennelser" av Egil Foss Iversen

Ei kvinne vert drepen på finurleg vis med ein forgifta blomebukett medan ho er pasient på eit sjukehus. Så vert ein dødssjuk mann drepen ved å bli kvelt med ei pute på same sjukehuset. Miriam og Theodor blandar seg inn i etterforskinga, samtidig som dei skal løyse ei gamal sak med ein mann som hevdar å vere uskuldig i eit brotsverk han har sona seks år av straffa for. Saman med alt dette kjem det fram ei forsvinningssak frå 1996 som kan ha samanheng med den døde mannen. Dette er ei noko innfløkt, men òg spennande bok.

Bok 23 2025: "Dødelige synder" av Egil Foss Iversen


Ein mangemillionær kjem heim frå hytta og oppdagar at kona er vekk. Han blir kontakta av kidnapparar som seier han ikkje skal kontakte politiet, men han gjer det likevel. Etter kvart kjem det fram at dottera til millionæren er adoptert frå Syria, og at ho har eit syrisk pass og ein burka. Kan det vere ein samanheng? Denne boka var kanskje ikkje det mest spennande eg har lese.

Valsiger 2025




 Måndag 8. september var det stortingsval, og vi samla oss på valvake om kvelden. Klokka 21 kom ikkje den vanlege valdagsmålinga, men derimot resultatet frå opptelde førehandsstemmer. Eg hadde sjølv røysta på førehand i år, då eg hadde ei ledig stund før formannskapsmøtet veka før, og eg var ikkje aleine om å gjere det. Resultatet klokka 21 viste fleirtal for raudgrøn side, og det varte kvelden ut. AP fekk ein liten framgang frå førre val, og ein enorm framgang samanlikna med målingane for eit år sidan. FrP fekk svært stor framgang og Høgre gjekk sterkt attende, så maktfordelinga på blå side vart flytta til høgre. På raudgrøn side gjekk Raudt og MDG fram, medan SP og SV gjekk attende. Det vert dermed fire om lag like store støtteparti for AP-regjeringa, så dette blir spennande framover. Lokalt er vi sjølvsagt nøgde med framgangen, og det er langt kjekkare å vere AP-medlem enn for eit år sidan.

søndag 7. september 2025

Valkamp 2025, sluttspurt

 


Laurdag var det duka for siste innspurt i valkampen for i år. Vi var fem medlemer på jobb for partiet denne dagen, men det var relativt lite liv i gata. Det vil seie: mange hadde møtt opp, men det var for å delta i eit løp. Sola skein og vi hadde nokre fine samtalar med forbipasserande, og fleire av dei innrømte at dei hadde stemt på partiet vårt denne gongen. Målingane ser bra ut, og eg er forsiktig optimist, spesielt etter den forferdelege framferda til leiaren for FrP på tv fredag kveld, der ho mellom anna kalla leiaren for AUF ein notorisk løgnar. Statsministeren sette henne på plass og sa at slik vil vi ikkje ha det i norsk politikk. Det må vere mogleg å ha folkeskikk i debattar, elles blir det utriveleg stemning som kan føre til mistillit blant folk. Det har ikkje vore nok fokus på dei viktigaste sakene i valkampen, men mykje personstrid og fokus på formueskatt. Det er ei gåte for meg at ein kan snakke om at staten tek pengar frå folk, når ein eigentleg burde snakke om kva fellesskapen skal yte av tenester. Skatt er noko vi betaler inn for at det etterpå skal fordelast mest mogleg rettvist, så enkelt er det. Sjølv stemte eg før formannskapsmøtet tysdag, og det er mange som har førehandsrøysta i år. Eg kryssar fingrane for fire nye år.

Bok 22 2025: "Dødelig rettferdighet" av Egil Foss Iversen


Ei styrtrik kvinne vert drepen i eit selskap til ære for henne og tvillingsystera. Ektemannen vert tiltalt, og alt peikar mot at han er den skuldige. Miriam og Teodor vert bedne om å ta saka hans, for mannen hevdar han er uskuldig. I denne boka gissa eg løysinga lenge før boka var slutt, og det er ikkje eit godt teikn - for boka og forfattaren, i alle fall.

fredag 5. september 2025

Genser nummer 82: Tusseladd


Før vi reiste til Stockholm i sommar, kjøpte eg inn garn til genseren "Tusseladd". Den vanlegaste versjonen av dette mønsteret er strikka i turkis, brunt og kvitt, men eg ville ha ein heilt annleis farge og enda opp med grønt Tinde pelsullgarn med mønster i gult og burgunder Sol lamullgarn (begge frå Hillesvåg). Vi var fleire involverte i fargevalet då eg handla på den lokale garnbutikken, og etter mykje vurdering overlet eg til ein annan kunde å seie si meining. Resultatet er noko spesielt, men veldig sprekt. Mønsteret var kjekt å strikke, og det meste av det einsfarga på bolen vart strikka på toget til og frå Stockholm, noko eg kjem til å assosiere genseren med. På biletet ser genseren grå ut, men den er altså grønmelert. Garnet Tinde er litt hardt, men eg trur kanskje det endrar seg når eg vaskar genseren før bruk.

Genser nummer 81: Delaware (blå variant)


 Ein gong Delawaregenseren var på tilbod som strikkepakke, greidde eg ikkje å velje mellom den raude og den blå varianten, så eg kjøpte begge. Den raude har eg laga ferdig for lenge sidan, og den vart både fin og passeleg tynn. Eg har brukt den mykje. No har eg strikka ferdig den blå varianten òg. Den er meir tradisjonell i fargane, og eg likar den ikkje så godt som den raude, men eg kjem nok til å bruke den òg mykje.

Om desse strikkepakkane vil eg seie at oppskriftene er heilt ok, men garnet er frykteleg tynt. Pinnane er 2,5 og 3, og eg burde sikkert ha bytta til eit nummer mindre for å få genseren fastare i fisken. Eg trivst best med pinnar 3,5-4,5, for dette tok tid! Eg trur ikkje garnet hadde så god kvalitet heller. Men billeg var det.


Sjal nummer tre: sjølvkomponert mønster basert på "Swallowtail"





I restelageret mitt fann eg beige, brunt og brent oransje, fargar eg veit ei kollegavenninne både likar og kler. På kontoret vårt er det noko skiftande temperatur, noko som har ført til ein årelang bruk av cardiganjakker for nokre av oss. Denne kollegavenninna har aversjon mot cardiganjakker, så det passa fint å strikke eit sjal til henne i dei før nemnde fargane. Garnet eg brukte var av to ulike merke, men det gjekk fint å setje dei saman. Mønsteret var inspirert av "Swallowtail", og eg strikka så lenge eg hadde garn i kvar farge. Sidan garnet er i 100% ull, reknar eg med at det vil varme godt. Kollegavenninna mi hadde bursdag i går, og då fekk ho overlevert gåva. Kommentaren var: "No gler eg meg til å fryse""


onsdag 3. september 2025

Valkamp igjen

 


Laurdag 30. august var det mykje som skjedde i nærmiljøet. I nabobygda var det "musikk i sentrum", der Minstemann deltok med eitt av banda sine, og i ei anna nabobygd var det matfestival. I Hornindal var det dansegalla. Det var såleis ikkje så mange som tok turen til Volda sentrum denne laurdagen, men nokre av oss stod standhaftige (pun intended) og prøvde å spreie den gode bodskapen - i sterk konkurranse mot ein Jesus-marsj med appell mot homofili og kjønnsforvirring, Israel-flagg og ein stor kors dei drog med seg i marsjen. Ein representant frå MDG sette på YMCA på fullt i bilen sin, og SV spelte "Give peace a chance" på LP-spelaren dei plar ha med seg, og elles oversåg vi dei kristne galningane mest mogleg. Politiet kom og snakka med dei, og då reiste dei ganske kjapt vekk. Jaja, så fekk vi litt action.


Bok 21 2025: "Dødelig spill" av Egil Foss Iversen


Ein mann er dømd for drap på fleire jenter, men han har ikkje sagt kvar lika er gøymde. Han krev å få spele sjakk mot Theodor Salomonsen, og etter kvart som spelet går framover, vert fleire drepne og lik vert funne. Det er greitt at han avslører gøymestadane medan han sit inne utan å ha besøk, men korleis kan han drepe nye kvinner? Komposisjonen i denne boka er interessant, og mykje av bakgrunnshistoria er òg truverdig. Når det går mot slutten av boka, synest eg noko av løysinga og dei avsluttande scenane flatar litt ut utan så mykje spenning som det burde ha vore. Motivet for drapa er òg noko søkt, tenkjer eg, men for all del - det er underhaldning god nok.