søndag 7. september 2025

Valkamp 2025, sluttspurt

 


Laurdag var det duka for siste innspurt i valkampen for i år. Vi var fem medlemer på jobb for partiet denne dagen, men det var relativt lite liv i gata. Det vil seie: mange hadde møtt opp, men det var for å delta i eit løp. Sola skein og vi hadde nokre fine samtalar med forbipasserande, og fleire av dei innrømte at dei hadde stemt på partiet vårt denne gongen. Målingane ser bra ut, og eg er forsiktig optimist, spesielt etter den forferdelege framferda til leiaren for FrP på tv fredag kveld, der ho mellom anna kalla leiaren for AUF ein notorisk løgnar. Statsministeren sette henne på plass og sa at slik vil vi ikkje ha det i norsk politikk. Det må vere mogleg å ha folkeskikk i debattar, elles blir det utriveleg stemning som kan føre til mistillit blant folk. Det har ikkje vore nok fokus på dei viktigaste sakene i valkampen, men mykje personstrid og fokus på formueskatt. Det er ei gåte for meg at ein kan snakke om at staten tek pengar frå folk, når ein eigentleg burde snakke om kva fellesskapen skal yte av tenester. Skatt er noko vi betaler inn for at det etterpå skal fordelast mest mogleg rettvist, så enkelt er det. Sjølv stemte eg før formannskapsmøtet tysdag, og det er mange som har førehandsrøysta i år. Eg kryssar fingrane for fire nye år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar