Denne dagen vart mamma ("Besta") og eg med Bladfyken på tur til Ålesund. Det er veldig kjekt at han har kjøpt seg ny bil, for då blir det ekstra kjekt å fare på tur. Vi køyrde først til museet på Borgund, der vi såg dei innandørs samlingane. Det er kjekt å sjå dei gamle båtane, synest eg, og no er det 12 år sidan sist eg var der. Eg hugsar det fordi eg såg ein kvelp og tenkte på at eg snart skulle få meg hund (Charlie).
Etterpå køyrde vi ut til sjølve byen, og høgdepunktet var bokstaveleg tala å kome opp og sjå utsikta frå Aksla.
På heimvegen stoppa vi på Peppes på Moa og åt pizza.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar