Denne helga hadde vi gledd oss til lenge! Vi var inviterte i bryllaup til Nevø 2, noko vi syntest var veldig spennande og høgtideleg. Eldstejenta bur i Oslo, men vi andre tok inn på Plaza. Bokfyken og eg køyrde nedover 30. april, slik at vi fekk feire 1. mai i byen. Det var ein nydeleg solskinsdag, og vi fekk kose oss med talar på Youngstorget og deretter tog, før vi enda opp på Aker Brygge saman med mine tre eldste og to svigerbarn. Minstemann skulle eigentleg på eit speleoppdrag, men enda opp med å vere hundevakt i staden, så eg slapp å bekymre meg for hundar på kennel.
Om kvelden åt vi middag på "Der Peppern gror" før vi for på musikk-quiz. Eg trur Bladfyken hadde høyrt ein av songane på quizen før, men med hjelp frå den yngre garde enda han opp med å vinne hovudpremien. Det var heldigvis ei flaske med bobler, så den kunne vi dele.
2. mai starta dagen med hotellfrukost, deretter henta Eldstejenta meg og tok meg med til frisør. På grunn av den skadde armen min har eg framleis problem med ein del trivielle gjeremål, så eg fekk frisøren til å vaske og føne håret mitt denne dagen. Det var verkeleg lurt, for frisyren vart bra utan noko stress.
Sjølve bryllaupet skjedde i Akershus slottskirke, og alt var vakkert og stemningsfullt. Sidan brudgommen er major, fekk bryllaupet eit militært preg, og det var så flott alt saman.
Sjølve festen heldt fram på den gamle Krigsskolen, der det vart nydeleg mat, flotte talar og sjølvsagt prating med slekta. Det var mykje program, blant anna kutting av kake med sverd/sabel og ein nydeleg innøvd dans (til musikk frå "Tre nøtter til Askepott").
Eg legg ikkje ut bilete av brudeparet sidan eg ikkje har spurt om samtykke, men eg måtte no få legge ut bilete av "Meg og mine fine". Vi hadde ei minnerik og fin helg saman, og bryllaupet var sjølvsagt høgdepunktet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar