tirsdag 6. juli 2010

Suser av gårde...

Etter eit par dagar utan særleg nytt å melde, har eg no godt nytt: EG HAR BIL! Eg skravla vekk ein halv dag med kollegavenninne K (noko av det meir meiningsfylte ein kan bruke dagen til) før eg tok turen til foreldra mine, der eg fekk fleire bursdagsgåver og dessutan deira Nissan Note.

No i kveldinga skal eg lufte naboens hund og gå til Folkestad for å hente sykkelen min. Eg er litt usikker på kor mykje eg kjem til å bruke den framover.

3 kommentarer:

  1. Mi meining er at når ein fer etter vegane, er det best med bil, så kan ein heller mosjonere i naturen/terrenget. Håper du får mykje glede av bilen.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med ny bil, litt av ei gåve! Du må stikke innom Os viss du er i nærleiken!

    SvarSlett
  3. Ser at eg må sjå etter gardinlengder som passar som duk til det grøne serviset. Det kan bli eit spennande prosjekt.
    Sjølvsagt kan du bruke ein heilt nøytral duk, men eg synest det er artig å snoke i restekassa på Målar-Olav.

    SvarSlett