søndag 1. januar 2012

1. Nyttårsdag

NB: eg legg ut dette innlegget utan bilete på grunn av datatrøbbel, men håpar på å få illustrert det seinare.

Jula 2011 kjem til å bli hugsa på grunn av orkanen Dagmar, og det er som nokon sa i dag nesten uverkeleg at vi hadde ei fin julekveldsfeiring før alt spetakkelet starta.

I dag har eg fotografert nokre av julegåvene mine - eg fekk mykje fint og nyttig, men vil berre vise fram nokre som kan ha "allmenn" interesse.

Systa har allereie blogga om sin "lestepuff" - den sølvfarga puffen min inneheldt mangt og mykje, mellom anna 12 par strikkalestar og eit tova vottepar. Eg vart mållaus av gåva, fekk hakeslepp og vart deretter utruleg glad. Dette nye møbelet skal brukast til oppbevaring av tjukkelestar, og den skal stå på ein sentral stad i heimen.

Noko anna eg fekk, var ei splitter ny vedkasse av metall. Den var både fin og praktisk - og akkurat det eg ønska meg (eg hadde tipsa givaren) Same givaren hadde dessutan fått eit utvitydig tips om eit heimesydd bilete med margerittar på som ein kollega av meg stilde ut på julemessa i bygda.

I Flora-serien fekk eg to nye sett (krus + fat) med eple og blåveis.

Noko anna eg hadde ønska meg, var kokeboka "Smalhans" av Gunda Djupvik. Eg kjem truleg attende til den om ikkje så lenge, for her er mange oppskrifter eg vil prøve ut.

Den siste gåva eg dreg fram her, er ein pakke som kom i posten på sjølvaste julaftan. Eg la den under treet utan å pakke den ut, sjølv om det ikkje eigentleg var ei juegåve. Det var nemleg dei fire skålene eg fekk då eg tinga eit halvt års abonnement på "Bonytt" for eit par månader sidan. Skålene er fine til å ete frukostblandingar i, og dei passar perfekt inn på mitt nye kjøken.

Apropos mitt nye kjøken, så har eg brukt noko av den første dagen i det nye året til å ta mål og prøve å planlegge oppussingsarbeidet framover. Det er ikkje mykje som skal gjerast, men noko er det. Og så skal eg kjøpe møblar, teppe, gardiner og anna som er litt meir overkomeleg enn grunning, sparkling, måling og spikring. Eg er ikkje akkurat nevenyttig - men eg kan kanskje bli?

Elles i dag har vi ete restar av middagen frå i går supplert med litt nytt, Eldstejenta og eg gjekk tur med hundane og vi har besøkt naboane. Ungane og eg har fri i morgon òg, men så er det slutt på denne svært spesielle ferien...

3 kommentarer:

  1. Ønsker deg og familien eit riktig godt nytt år! Lykke til med oppussing og innflytting i nytt hus!

    SvarSlett
  2. Det vert kjekt for dykk å få dykkar eige! Håper vi får sjå litt på bloggen!

    SvarSlett
  3. Riktig godt nytt år! Kjekt å lese om tankane dine på dei to siste innlegga. 2011 er historie, no må vi sjå framover. Og den daglege donten, ja, det kan eg skrive under på der det beste.

    SvarSlett