onsdag 28. september 2011

"De nære ting" - har dei allmenn interesse?

I det siste har det stadig poppa opp ironiske status-oppdateringar på Facebook som gir uttrykk for at mange av oss er altfor gavmilde når det gjeld å dele trivialitetane våre med andre. Det same gjeld truleg for blogging, sjølv om ingen skriv kommentarar om akkurat det. Det ville vel ha blitt litt frekt.

Javel, så er eg blant dei som synest det er greitt å ha ein kanal for dei små ting i livet. Det skjer mykje stort i livet mitt som eg ikkje meiner skal brettast ut for heile verda, og kanskje burde eg vere flinkare til å sortere ut dei aller minste hendingane og tankane og spare lesarar og facebookvener for pjatt. Nokre har òg meiningar om kor ofte ein bør blogge, og åtvarar mot meir enn eitt innlegg på ein dag, til dømes.

Men: det er MIN status, og MIN blogg, og eg gjer akkurat som eg vil. Så lenge eg tek sånn nokolunde omsyn til andre menneske når det gjeld bilete og utlevering, er det fritt opp til meg å bestemme kva som skal stå her og kor ofte eg vil skrive. Eg er forfattar utan forlag, faktisk, og eg nyt den fridomen.

3 kommentarer:

  1. Eg støttar deg i det du skriv, både om det eine og det andre. Det er heilt frivillig om folk vil lese bloggen min- eller ikkje. Og vil dei ikkje ha meg som venn på FB er det berre å slette meg. No hard feelings.....

    SvarSlett
  2. Heilt einig.
    D'er mange nog, som vil Domar vera
    og læ aat alt, som dei andre gjera.
    Og Lyte finna dei rundt i Kring,
    og sjølve gjera dei ingen Ting.
    Ivar Aasen 1875

    SvarSlett
  3. Aasen hadde nok vore einig med meg. Eg irriterer meg over andre sine ironiserande kommentarar fordi eg vil ha fridom til å skrive kva eg vil - ironisk nok må dei som ironiserer òg få den same fridomen til å skrive sine kritiske kommentarar...

    SvarSlett