søndag 17. oktober 2010

Med blogging som fag

Norskbøkene omtalar blogging som ein måte å uttrykkje meiningar om tema på. Dei siste åra har utviklinga gått rasande fort, og det er no mogleg å finne bloggar om det meste. Måndag morgon skal eg ta føre meg dette emnet i norskundervisninga, og då har eg med ein del døme:
Politisk blogg: Torbjørn Røe Isaksens blogg
Mest lesne "fjortisblogg": Voe
Fotballblogg frå Dagbladet
Regine Stokke, den kreftsjuke jenta som no er død. Bloggen hennar har kome ut i bokform.
Nienie, den brannskadde kvinna eg har skrive om ein gong før

I tillegg kan eg, dersom det er ønske om det, drage fram interiørbloggar, handarbeidsbloggar, bloggar skrivne av elevar ved skulen eller kjendisbloggar. Hovudpoenget er at det er mogleg å blogge om det meste, at ulike grupper likar ulike bloggar og at vi kan velje sjølve korleis vi vil framstå i bloggane våre. Eg fryktar at timen blir meir interessant for meg enn for elevane.

5 kommentarer:

  1. Det er vel somme bloggar som knapt sorterer under noko tema ? Kva skal ein kalle dei? Familieblogg?Dagbok? Har ein eigentlig rett til å blogge når ein ikkje har eit tema som interesserer anna enn dei nærmaste? Eg veit berre at mange innan familien -også meir perifere medlemmer- set pris på epistlane mine, og eg held ei slags kontakt med heile slekta utan å slite meg ut.

    SvarSlett
  2. For MEG var blogg-timen i alle fall interessant, og eg kom på (der eg sat og dingla) at ein del småbutikkar (t.d Hurlumhei og Tante Brun) også nyttar blogg-verktyet som del av marknadsføringa si. Kanskje dette er enda ein type blogg? Eg kjem i alle fall til å nytte dette blogginnlegget ditt for å finne gode bloggdøme når eg skal ha om samansette tekstar seinare i år.

    K

    SvarSlett
  3. Interessant med blogg som sjanger. Eit sjangertrekk hos fjortisane er "dagens outfit" har eg lagt merke til ...

    SvarSlett
  4. P.S: Prøv funksjonen "mest populære", tippar oreokaka kjem høgt opp ...

    SvarSlett
  5. Tusen takk for moralsk og fagleg støtte, "Anonym K" :)

    SvarSlett