onsdag 5. mars 2014

Minstemann mot Mamma: 1 - 0

Fordi eg er tillitsvald må eg nokre onsdagar ofre litt av fridagen for å fare på drøftingsmøte på jobb. Vanlegvis er ikkje dette eit problem, sidan Minstemann set pris på ein bytur og like godt kan sitje ved pulten min og spele data som nokon annan stad.

Etter møtet tok vi oss ein snartur på biblioteket, og så vart det til at vi stakk innom ein skobutikk. Eg treng sårt nye skor, men enda opp med å kjøpe to par til Minstemann i staden. Først fann vi eit par joggeskor på sal, til bruk i gymtimane og eventuelt inne på skulen. Så skulle han få nokre skor til meir allmenn bruk. Det viste seg at alle joggeskorne var for breie, for trange, for lange og i det heile heilt uaktuelle, heilt til mamma-telepatien slo inn og vi leita fram eit par converseskor. Eg mislikar sterkt desse flate tøyskorne som ungdomen likar, men aksepterer det som eit mildt ungdomsopprør at dei går i ufornuftige skor. At Minstemann på 10 er i ferd med å bli stor og motebevisst gut, er verre å akseptere.


4 kommentarer:

  1. (Synest det var ein bortesiger ...)

    SvarSlett
  2. 2 - 0 i tilfelle, i alle fall når det gjaldt talet på skopar.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tenkte deg som 1. Person=heime...

      Slett