søndag 22. mars 2009

Hjelp - Gamla har fått seg scanner!


















Eg tenkte eg skulle legge ut nokre bilete i morgon, når Eldstejenta blir 16 år, men så tok det av her, med sentimentale tilbakeblikk i alle dei over 30 fotoalbuma eg har fylt sidan den vesle babyen kom til verda. Kvar er ho no? Ja, i bloggande stund er jenta på besøk med ei venninne i Volda, men eg meiner: kvar er babyen min? Ho som fylte dagar og netter med rolleleik og påfunn, som var det naturlege midtpunktet i familien heilt til småsøskena begynte å kome fire år seinare og som var verdas søtaste og mest veslevaksne rampejente?

Vi har så mange minne, og så mange bilete, men eg har (med god hjelp av Gubben) plukka ut nokre som viser ulike personlegdomstrekk. Som det av henne med fotballen - teke midt på natta då ho vekte oss og ville sparke fotball. Og bileta frå late feriedagar på Hareidlandet, Runde, Solund og Jersey. Somme bilete viser kor godt ho likte å kle seg ut, og kor godt vi likte å kle henne ut då ho feira jonsok to år gammal. Og så måtte eg legge inn eit par bilete av Gubben og Gamla også, då, berre for å vise at tida ikkje på nokon måte har stått stille...

2 kommentarer:

  1. Det er ikkje lenge sidan, samtidig som det er lenge sidan. Mykje har skjedd sidan då. Tre søsken og fire søskenbarn har kome etter henne.
    Så spørs det om tanta og må i gamle album.... Vi har ny scanner som eg er sånn passeleg fortruleg med, ein ny intelligenstest kvar gong.......

    SvarSlett
  2. Det er, som Solveig seier, både så kort tid sidan-og lenge sidan- Ingeborg var lita. Og knapt nokon unge, utanom dei kongelige, har vel blitt meir fotografert.Eg hadde bursdag mens mor og barn enno var på sjukehuset i Volda, og i presang fekk eg eit fotoalbum, som etter kvart vart fullt av bilde, dei fleste av veslejenta.I morgon kjem minst eitt av dei på bloggen min. Noko som EG synest er artig, er å sjå att babyklede som eg strikka.

    SvarSlett