lørdag 21. mars 2009

Relax - don't do it!




På jobb har eg delvis ansvar for til saman mellom 80 og 90 ungdomar i alderen 16 - 19 år. Som avveksling er eg i fritida med i ungdomslaget i bygda, der eg har delvis ansvar for over 20 ungar i alder frå Minstemann til Eldstejenta. I dag, laurdag, har vi hatt langøving i seks timar, så no er sirkusframsyninga nesten klar til bygdafesten neste søndag. Ungane er berre fantastisk flinke, og stiller mellom anna som verdas sterkaste mann, slangetemmarar, klovnar, linedansarar, løver, elefant og slangemenneske. Framsyninga inneheld mykje dans, men òg ein song som bygdakjendisen Jeki også deltok med på UKM tidlegare i vinter.

Bygdedamer stilte med pizza, frukt og kaker, så ungane fekk både mat og stell undervegs denne maratondagen. Eg kan love at dei var slitne til slutt - dei skulle synge "apekattsongen" som avslutning, men då var det få apefakter att. Kanskje eit tips til andre foreldregrupper? Kvar sin gong å slite ut ungane, liksom?

Heile familien er som vanleg involvert i prosjektet. Gubben er delvis ansvarleg for lyd og lys, Nummer 2 og 3 har diverse oppdrag som artistar og Minstemann skal assistere i eit morosamt innslag. Eldstejenta har (sjølvsagt) hovudrolla som dansande sirkusdirektør.

Gamla sjølv stiller som hysjande dørvakt...

6 kommentarer:

  1. Kven er det som får kome på denne fantastiske framsyninga? Er den open for alle, eller er det slutta lag?
    Eldstejenta har vel ein kvan å slekte på; meiner mora var den første kvinnelige bogarmeisteren i Byen vår på Velle skule?
    Ære vere dei som orkar å halde på med slikt i fritida si. Eg har gjort mykje regissørarbeid, men det har vore i embets medfør.Men det er veldig kjekt når ein får det til!!!

    SvarSlett
  2. Verken Gubben eller Gamla har særleg plagsomt med sceneskrekk, så her har både arv og miljø slått til for fullt! Og ja; det er kjekt når ein får det til - det er vel det som held ein gåande...

    SvarSlett
  3. Og framsyninga er open for alle interesserte - til dømes besteforeldre. Søndag 29. klokka 16.00 på grendahuset.

    SvarSlett
  4. For ein kjempeflott familie! Eg er heilt imponert over energi og velvilje!! Lykke til med sirkusframsyninga. :0)

    Kristin

    SvarSlett
  5. Skjønar at de kosar dykk - og så kjekt at heile familien er med.
    Lukke til!
    Eidabesta

    SvarSlett
  6. Eg beundrar energien. Eg synest ikkje eg gjer anna enn å organisere i jobben...
    Men det er kjekt med action, og kjekt når alle er med.

    SvarSlett