lørdag 28. mars 2009

Young at heart


Av og til synest elevane mine det er rart at eg bruker facebook og har eigen blogg - eg som er så gammal. Det er då eg liker å fortelje at mora mi også har facebookprofil og blogg.

Besta var utearbeidande frå eg var to år, og eg hugsar godt korleis ho sykla med meg bakpå til barnehagen, og korleis ho måtte lokke og lure meg til å gå opp bakkane på heimveg. Då eg begynte på skulen, hadde eg Mamma på lærarrommet som ei ekstra forsikring dersom noko ville gå gale. Skulen eg gjekk på kjende eg godt frå før sidan eg hadde vore med ned på søndagar når Mamma skulle stensilere eller på annan måte førebu seg til den komande veka.

Det var berre Pappa som kjørte bil fram til seint på 70-talet, og Mamma hadde ansvar for born og middag. Handle gjorde vi på laurdagane, for butikkane var stengde på kveldstid. På fridagane sine kan eg hugse at ho vaska, og i feriane vaska ho ned heile huset. Ho var superhusmor i tillegg til yrkeskvinne, som så mange andre i den generasjonen.

Det har alltid vore mykje mat og kos heime hos Besta og Besten, og barnebarna har opplevd dei som omsorgsfulle og snille besteforeldre. Besta har strikka babyklede, kome med "sengjamat", passa dei og chatta på MSN med dei - alt etter behov. Og aldri har vel nokon gått svoltne derifrå.

Ei av Bestas svakare sider, er at ho mislikar sterkt å bli fotografert. Dette vart eit problem då eg skulle finne noko å scanne, men så fann eg eit bilete av Besta og Nummer 2 det året han var 3 og ho var 60.

Gratulerer så mykje med dagen, Besta - vi tek den store feiringa i påska, då Gamla skal prøve å leve opp til rolla som superhusmor. Sjølv kan du avspasere med godt samvit.

3 kommentarer:

  1. Takk for nydelig helsing på dagen! Det vart nesten for mykje av det gode. Men eg minnest korleis det var å ha travel jobb, ungar og hus. Men den gongen var eg ung og sterk!No skulle eg gjerne hatt den tida om att.Systra di var meir human som sette inn eit 30 år gammalt bilde, det samsvarer betre med korleis eg ser på meg sjølv! Men GUTEN på bildet ditt er no fin!

    SvarSlett
  2. ....men berre nesten! La eigentleg tjukkare på, men då begynte innlegget å minne om ein nekrolog...

    SvarSlett
  3. Merkelig at du skulle nemne det, men eg fekk NESTEN kjensle av å lese min eigen nekrolog. Og så tenkte eg vidare at det var no i grunnen greitt!

    SvarSlett