torsdag 14. mai 2009

Siste barnehagefest!





I dag var det grillfest i barnehagen. Nydeleg sol sette sitt preg på feiringa, og det var flott å sjå det vesle, men stilige rosarusskullet i Folkestad barnehage. Unge Indiana er framleis noko forvirra når det gjeld val av hattar, og i dag måtte han låne storesystera si avlagde russelue fordi hans eiga var sporlaust forsvunnen.

Vi har hatt ungar i barnehage sidan hausten 1995, med eit lite opphald 1999/2000, og i Folkestad barnehage sidan hausten 2000. Vi kunne godt ha hatt ei slags russefeiring vi òg.

5 kommentarer:

  1. De kan i alle fall heise flagget!

    SvarSlett
  2. Det er ein epoke som er over, og det er vel både godt og vemodig! Vi har eit år igjen med barnehagebarn. Det er sytalaust på mange måtar så lenge barna går i barnehagen, men åra på barneskulen er også veldig fine!

    SvarSlett
  3. Eg synest ikkje det er det spor vemodig (enno)! Minstemann blir yngst i klassa, men han les flytande og er moden for nye utfordringar. Han er lukkeleg dei dagane han slepp å vere i barnehagen, og han har til og med prøvd å spele sjuk for å få vere heime. Med tre klassekameratar og to storesøsken på skulen blir det ingen skremmande overgang heller...

    SvarSlett
  4. Det er fint at ungar ser framover og gler seg. Det skal vere slik, men eg synest på same tid det er trist at dei veks ifrå oss.
    Eg synest minstemann var så god då eg sa at keeperen også var russ, men han var raud-. Då såg han med eit strålande blikk på fetteren og så:Det er kjekt å vere RUSS!

    SvarSlett
  5. hei hvor kan vi får kjøpe et ruselue

    SvarSlett