søndag 24. mai 2009

Bok 31 2009: "Kjærlighet for viderekomne" av Marianne Fastvold


Dette er, etter mi meining, ein roman som best kan skildrast som sløsing med papir. Handlinga dreiar seg om ei kvinne og hennar jakt på den store kjærleiken, men ein blir sitjande att like vis etter meir enn 200 sider med babling om forhold som tek til og tek slutt. Det mest interessante er hovudpersonen sitt forhold til foreldra, men heller ikkje her skjønar eg kva forfattaren eigentleg vil fram til. Ikkje å anbefale, med andre ord.

1 kommentar:

  1. Greitt å vite kva ein IKKJE skal lese.
    Eg er enno ikkje ferdig med Seierherrene. Det blir ikkje lese så mykje når eg er her. Her er anna å gjere. Vi snur nok nasa heimover igjen i morgon når kvardagen tek til att her.

    SvarSlett