søndag 17. mai 2009

17. mai på Straumshamn - og på sofaen






Bygda arrangerte tradisjonell feiring, der Eldstejenta deltok med kransing av bautaen og Gubben og dei tre eldste deltok i korpset. Minstemann, som hadde sett veldig fram til nasjonaldagsfeiring med spildrande ny knallpistol, begynte dagen med oppkast, og vart liggande på sofaen heile dagen. Sidan eg ikkje hadde nokon annan funksjon enn å stavre rundt i bunad i dag, vart eg sjølvsagt heime saman med han. Eg spurde fleire gongar om han ville ta ein snartur inn på grendahuset og skyte vilt rundt seg, men han var altfor slapp. I fjor var både han, Eldstejenta og eg sjuke, men dagen i dag skulle vere litt spesiell for han. Vi får vere litt kreative når han kjem seg til att, slik at ikkje tapet vert for stort.

Då dei andre var vel heimkomne, gjekk eg to turar - ein med kvar hund - og på den andre turen, som gjekk til Brundalen, tok eg bilete av Keipen for å vise kor mykje snø som er att der. Ein nydeleg dag har det vore, og det er no uansett kjekt for dei som er med på feiringa.

6 kommentarer:

  1. Trasig for den sjuke! God betring!

    SvarSlett
  2. Eg synest så inderlig synd i rosarussen, men berre han blir fort frisk att, så står vel heile familien klar med "trøst" går eg ut frå.

    SvarSlett
  3. Fine bilder.
    Kanskje det gjorde godt å få slappe av ein 17. mai? Du går sikkert inn i ei travel tid no med eksamenar etc. Vi kosa oss heime og gjorde det enkelt med grilling is og brus og litt kaker etter kvart som barn og barnebarn dukka opp.
    Eidabesta

    SvarSlett
  4. Ja, for min del var det deilig med ein fridag, men eg hadde vondt av rosarussen. Eg spurde han i dag om vi skal feire 18. mai i staden, men han står på sitt og vil feire 17. mai i dag. Det blir derfor is og brus i dag - og kanskje selskap i hagen òg!

    SvarSlett
  5. Det går vel fint å feire når de har eit halvt musikkorps i huset+ russ...og så kan du stille som drillpike og rope hurra!!! etc etc. Kanskje du kan "drille" hundane til å gå fint i tog, mens Minstemann skyt med pistol.Eg ser det i ånden, men vil gjerne sjå bilde frå feiringa

    SvarSlett
  6. Godt at det gjekk bra med rosarussen.
    Femåringen i vår familie var bestemt på at han var ferdig med
    17. mai fredag den 15. då alle bh. i komm. samlast til det årlege barnehagetoget i sentrum. Han vart no likevel med mor si i barnetoget den 17. - far hadde vore nattugle til kl 3, så han måtte få sove.
    Eidabesta

    SvarSlett