torsdag 14. mai 2009

Ferje i solnedgang



Då Gubben skulle hente Eldstejenta på kaia, sende eg med han kameraet for å ta bilete av solnedgangen. Sjølv var eg oppteken med MGP på det tidspunktet... Utsikta i kveld er derfor frå Krumsvikneset, der Gubben i følgje seg sjølv risikerte livet ved å klatre ut på ein hammar. Eg likte best motivet med ferja, men det er dessverre ikkje heilt skarpt. Og igjen får eg ein trang til å sage ned tre langs vegane...

Laget til Eldstejenta vann forresten 4-3 over Ørsta/Åmdal/Sæbø.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar