søndag 24. mai 2009

Jubileum




To kjekke karar i bygda vert 30 og 40 år i år, og det vart laurdag kveld feira stort med 60 gjester på det lokale grendahuset. Mor/svigermor til dei to karane hadde laga deilig hjortegryte, og systrer og koner hadde òg hatt ei viktig rolle i pynting og matlaging. Ein lokal trubadur var leigd inn frå hi sida av fjorden, og det varte ikkje lenge før Gubben hadde ramla utpå spelekjøret han òg. Seinare kom den lokale postmannen på scenen, og fleire lokale syngedamer poppa opp og ville kore. Ein triveleg fest som enno ikkje var over då vi vende nasen heim.

6 kommentarer:

  1. Ja, de veit å feste på Bondelandet! Hadde venta å finne deg blant kordamene.

    SvarSlett
  2. Det hadde du vel! Kan opplyse om at eg kjørte heim, og at eg etter tre timars søvn stod opp og kjørte barnevaktene på 7.45-ferja...

    SvarSlett
  3. Uff,då. Det høyrdest travelt ut.Men no har vel snart heile bygda hatt fødselsdag,så det blir ei pause?

    SvarSlett
  4. Neida, neste store jubileum skal feirast 20. juni. Då er det to nye 40-åringar som skal feire.

    SvarSlett
  5. Og då får du feira din eigen dag i år også?
    Har du fleire kjolar på lager eller kan du "gå igjen" i den kinesiske?

    SvarSlett
  6. Vi får sjå - kanskje eg stiller i Burka?

    SvarSlett