fredag 15. mai 2009

Gratulerer Nabo-N!


Eg hadde knapt snakka med henne før vi flytta til gards, men kjende henne såvidt - mellom anna fekk vi litt tid saman på sjukehuset då ho fekk ein gut fire dagar etter at eg fekk Nummer 3.

Nabo-N flytta inn i huset til foreldra to månader før vi kom til bygda, og vi har vore perlevener sidan. Nokre av dei beste minna frå desse åra er når vi har vandra heim frå vinklubb i lyse vårnetter, men vi har òg hatt turar i skogen med bål og pølser, vi har nytt livet i Brundalen og kosa oss saman med alle barna våre.

N er ein usannsynleg positiv person, ho er tolmodig og generøs - alle desse eigenskapane kjem vel med i jobben i barnehage, sjølvsagt, men det er òg eigenskapar som ein set pris på i ei venninne, og som ein sjølv skulle ønske ein hadde meir av...

Gratulerer så mykje, snuppa!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar