tirsdag 26. april 2011

Bok 26 2011: "Det lovede landet" av Toril Brekke

Den siste boka i trilogien om norske innvandrarar i USA er laga etter same mal som dei to første, men her er mange nye namn og berre nokre få av dei gamle kjenningane. Ein festar seg lett ved dei nye personane, og forteljinga driv lesaren med seg. Språkleg sett har boka mange svakheiter; ikkje minst fordi forfattaren vekslar mellom norsk og engelsk for delvis å gjere replikkane meir realistiske. Eg seier delvis fordi ein i dei engelske replikkane som regel går over til norsk etter ei lita stund. Kanskje vert effekten av denne språklege forvirringa forsterka ved at opplesaren har ein overdriven amerikansk aksent som berre delvis er gjennomført den òg. Stadnamn og andre relativt vanlege ord blir faktisk uttala feil, og slikt irriterer ein engelsklærar.

1 kommentar:

  1. Du får i alle fall lese mykje for tida, i motsetnad til meg. Eg forstår at heller ikkje du er overdrive begeistra for denne trilogien, men du har i alle fall fordelen av å lese bøkene fortløpande. Eg likte dei ikkje noko særlig. Syntest at fiksjonen vart overdøva av faktadelen.

    SvarSlett