lørdag 2. april 2011

Trollskog, pøsregn og engelskprøver


I føremiddag gjekk dei to yngste og eg tur i "Trollskogen" med hundane, medan Storegut kvilte på sine laurbær etter stor suksess på ballet i går kveld. I løpet av turen vår begynte det å regne, og no i kveldinga pøsar det skikkeleg ned ute. Det er dessutan om lag ti varmegrader ute, så no fær snøen fort. Eg høyrer til det mindretalet som helst ville ha hatt stabilt kaldt vêr med snø og sol ei stund til, men det nyttar lite når vêrgudane har bestemt seg for å lage slikt ubrukeleg vêr som det no er. Det blir ingen tur i kveld, så eg har heller vaska litt hus og spretta ein ny prøvebunke. Viss sola skin i morgon, aktar eg ikkje å sitje inne og rette!

1 kommentar:

  1. Eg likar også godt stabilt relativt kaldt ver. Men året har berre 12 mnd. og eg vil gjerne ha litt sommar også-utan snø. Så derfor ønsker eg snøen VEKK no.Slik at vi får raka plenen og rydda opp i det verste.

    SvarSlett