søndag 10. april 2011

Bok 22 2011: "Min kamp 5" av Karl Ove Knausgård

Karl Ove Knausgård er fødd same år som meg, så mykje av det han skriv om frå fortida er ganske kjent. Men i motsetnad til meg, som studerte fornuftige fag og greidde å la studielånet vare til sommarferien, er Knausgård anno om lag 1990 ein slik student som eg i mi tid ville ha sett ned på. Han studerer fag som litteraturvitskap, kunsthistorie og filosofi, og han bommar pengar frå alle han kjenner. Han behandlar damene sine dårleg, drikk for mykje og er i all hovudsak irriterande. MEN han er òg så utruleg sårbar, sjølvkritisk og sjølvhøgtideleg på ein trist måte som gjer at eg sympatiserer med han same kor dårleg han oppfører seg. Skrivesperra hans lever eg meg inn i, samtidig som dei 90-talstekstane han les opp i "Min Kamp 5" ikkje imponerer meg.

Eg kan forstå at mange les denne boka og leitar etter ufordelaktige avsnitt om seg sjølv eller andre i familien og vennekrinsen, men den som kjem absolutt verst ut av det heile, er Karl Ove Knausgård sjølv. Bortsett frå at det heile endar med ein velfortent litterær suksess. Eit prosjekt som dette har norsk litteraturhistorie ikkje sett maken til, og ingen kan eller bør gjer dette etter han.

3 kommentarer:

  1. Heilt enig i det du skriv. Men det er nok med EIN Knausgård, så eg håper vi slepp fleire slike seriar.Eg irriterte meg veldig over han slik han utviklar seg i bok 4 og 5-direkte usympatisk er han til tider.Mykje kan forklarast utfrå oppveksten hans, men eg trur at han også er ein veldig spesiell og sårbar persom.Lurer på om han har fått skrivesperre av all viraken eller om bok 6 kjem om ikkje altfor lenge?

    SvarSlett
  2. Det irriterer meg veldig at eg ikkje hadde fått augene opp for Knausgård før han hadde opplesing i Jølster. Der møtte folket hans opp og støtta han, fortalde ei som var der. Hadde det vore no, hadde eg garantert villa reise dit og oppleve han live. Eg er glad eg har høyrt alle bøkene, dei har oppteke meg ganske mykje det siste halve året. Ventar spent på nr. 6.

    SvarSlett
  3. Ja, vi er fleire som ventar på den, og som lurer på kva han kjem til å skrive om når dette prosjektet er avslutta.

    SvarSlett