lørdag 16. april 2011

Vinklubb 15. april


Fredag kveld samla ni damer seg til ny vinklubb på Straumshamn. På menyen stod to ulike pastasalatar og tre ulike vinar. Dessverre tok eg meg ikkje tid til å ta bilete av flaskene denne gongen, men Nabo N la ut eit bilete på facebook som eg stal. Alle desse vinane var nydelege, særleg "Falling feather".

Vertinna denne gongen stilte med nytt tilbygg og nydeleg, nyoppussa stove i huset sitt. Ho er blant vinklubbens yngste medlemer og har til dagleg ansvar for opplæringa av borna til nokre av vindamene.

Takk igjen for ein triveleg kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar