Eg trur kanskje eg har gått lei av krim, og det før påske. I alle fall vart denne boka litt keisam og stilleståande etter min smak. Ein mann prøver å etablere eit nytt liv etter å ha kome ut av fengsel. Alt ser ut til å løyse seg, og han lever lukkeleg saman med si gravide kone, heilt til han ein dag mottek ei mystisk biletmelding på telefonen. Det viser seg, kort fortalt, at kona var heilt annleis enn han hadde trudd.
Ein roman totalt utan meining eller spenning etter mitt syn.
Eg har lese den boka for lenge sidan, men hugsar berre at den var litt langdryg. Var innom biblio i dag når eg var der nede likevel og kom heim med to krimbøker. Ei dansk,"Den siste gode mann," og ei om massemordaren Gretchen....Chelsea Cain:"Mørketid." Men først må eg lese ferdig boka om den schizofrene Eli "En dåre fri".Det blir litt lite lesing for tida.
SvarSlett