søndag 3. april 2011
Sesongens siste skitur?
I dag var snøen mjuk og våt, slikt føre som eg likar. Fart og spenning vert erstatta av stavtak i nedoverbakke, og det kan ei skipyse som meg trivast med. Å gå på beina til toppen av Melshornet var derimot ikkje nokon god plan i ti varmegrader, så det vart til at eg gjekk opp til hyttene i turløypa på Reset og deretter vidare utanfor løypa, i retning av enden på skogsvegen ved Melssetra. Ingen topptur, men akkurat langt nok til å kunne rettferdiggjere inntaket av litt påskegodt.
I mellomtida var Barnefaren og dei to yngste i trekket på Reset, og det er ei fryd å sjå kor dei kosar seg og meistrar både å ta trekket og renne i bakkane (sjølv torer eg ingen av delane). Ekstra bonus var det at to av naboungane var der og rende saman med dei.
Etter skituren henta vi Eldstejenta, og etter kvart var heile familien samla til søndagsmiddag. Barnefaren kokte hjortegryte, og det smakte fantastisk.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar