søndag 24. april 2011

Søndagsrundtur til Refviksanden



I dag var vi i utfartsstemning, så vi sette oss i bilen og kjørte av garde først rundt Dalsfjorden (det kalla eg rekognisering, sidan eg har tenkt å sykle rundt fjorden snart) og deretter gjennom Vanylven mot Måløy. Første stopp var Fiskå, der vi såg på den gigantiske solsikka.

I Måløy stogga vi og åt middag på ein "italiensk" restaurant av den tyrkiske typen, eg trur namnet var Mama Rosa. Alle fekk ete mat etter eige val, og Minstemann var langt blidare enn biletet tyder på då han konstaterte at spagetti med kjøtsaus smakte akkurat likt barnemenyen på Viva Volda.


















Då vi kom til Kvalheim, heldt eg eit lite føredrag om murveggane på den sida på husa som vender opp mot dalen, og om den sterke vinden som kan vere der. Ikkje eit menneske var å sjå, og vi forstod kvifor då vi kom ned på stranda. Vinden var heilt utruleg sterk, og ein måtte halde på briller og klede for ikkje å miste det på sjøen.

Heimvegen var strake råsa til Eid, der vi kjøpte årets første softis, og så vart Storegut akkurat tidsnok på bandøving på Bjørkedalen.

1 kommentar:

  1. Litt av ei rundreise. Ikkje så veldig lenge sidan vi var på ein liknande rundtur, men vi kjørte Åram-Koparnes.Solsikka har vi ikkje sett ann enn i boka/TV-programmet til Linda Eide.

    SvarSlett