torsdag 21. april 2011

Fiskebollar og vaffelhjarte

Skjærtorsdag er Barnefarens utekveld, då bandet han spelte i på tidleg 80-tal har reunionskonsert i Ørsta. Dei hadde reunionskonsert i Volda i jula, og det var ein stor suksess. Det fyl mykje øving og arbeid med slike prosjekt, og denne gongen ville han ha med Storegut på rigginga. Det vart derfor ein tidleg og tradisjonell middag i dag - etter fleire dagar med julemiddag, svinesteik og kinamat var det fiskebollar vi hadde mest lyst på. Med rikeleg steikt bacon til er fiskebollar blant familiens yndlingsrettar.

Med berre dei to yngste i hus vart det ein liten luftetur på vel ein time, før eg planta dei framfor PS3-en medan eg gjekk tur ein time til. Deretter ville dei ha meg med på ein runde med sitt nyerverva PS3-utstyr frå i går (noko sånn eye toy-liknande med kamera og eigen kontroll som ser ut som ein mikrofon), og så var vi svoltne att. Veslejenta og eg laga vaffelrøre, men steikinga måtte eg ta meg av aleine. Med lydbok på øyrene går slikt arbeid heilt flott, og så blir det ryddig og reint på kjøkkenet i tillegg.

Det er ei stund sidan sist eg laga vaflar, men eg kan kome med noko som liknar ei oppskrift på dagens røre:
6 egg
1/2 liter lettmjølk
1/2 liter skumma kulturmjølk
2 ts bakepulver
5 dl kveitemjøl
2 dl havregryn
50 g margarin (smelta)
2 matskeier sukker

Sidan eg hadde i havregryn, let eg røra stå i 45 minutt før eg begynte å steike vaflane. Eg plar lage tjukk røre både til pannekaker og vaflar, og så justerer eg med meir mjølk før eg begynner å steike. Til vaffelrøre kan ein godt tilsette ein skvett vatn i staden for mjølk for å få sprøare vaflar. Uansett er dei berre sprø heilt med det same.

Personleg likar eg godt rømme og jordbærsylte på, men plommesylte og brunost er ein annan favoritt.
Etter kaffi og vaflar sette eg meg i godstolen med ei bok og tenkte at livet er herleg. Så kom eg på at eg har ein stilbunke liggande til "ledige stunder", og at dette absolutt var ei slik ledig stund. Sidan eg ikkje kan fordra å ha arbeid liggande på vent, sette eg meg til å lese korrektur på nesten halve bunken, noko eg er svært nøgd med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar