Svogeren min har gjeve ut ei ny bok, denne gongen er det novellesjangeren han held seg innanfor. Eg var spent på denne, og hadde bestemt meg for å lese ei novelle for dag, men så såg eg at dei hadde ein slags samanheng i og med at miljøet var likt, så det vart meir enn ei somme dagar.
No er eg sjølvsagt litt inhabil, men eg må seie at eg likte novellene svært godt. Nokre betre enn dei andre, og her er fleire favorittar. Novellene omhandlar dei store temaa i livet; liv, kjærleik og død - ofte i kombinasjon. Miljøet er ei bygd nær Ålesund, og det er lett å kjenne stemninga. Språket er usentimentalt og enkelt, samtidig som det er noko gamalmodig. Dette har eg meint om tidlegare bøker av forfattaren òg, og det passar spesielt godt til dei tekstane som har handling lagt til ei tid langt attende.
I neste veke skal eg på "releaseparty" på Kaffikari i Ulsteinvik, onsdag 4. mai klokka 19.
Eg får ikkje lese så mykje for tida, men har lese 4-5 av novellene. Eg har vanskelig for å distansere meg nok til å bedømme tekstane på "upartisk" grunnlag, og eg ser heile tida Hareidsdalen for meg.Skal skrive om boka når eg har lese den ferdig, men eg merkar at sjølve språket er essensielt i tekstane.
SvarSlett