fredag 1. april 2011

Spelejobb og pizza

Storegut og bandet "Lommerosk" spelar i kveld på Vårball på Bjørkedalen. Barnefaren assisterer som bandbuss, tydeleg stolt av tredje generasjons musikarspire.

Elles har vi spleiselag i kveld; eg handla inn og Barnefaren lagar pizza. Eg sit tjukt påkledd i ein godstol, fyrer i omnen og småfrys. Gradestokken står høgare enn på lenge både ute og inne, så det heile er eit mysterium - kan det vere sykje på veg?

1 kommentar:

  1. Får håpe ikkje. Yngstemann her har vore sjuk denne veka, heime frå skulen to dagar.

    SvarSlett