mandag 11. april 2011

Inneklemd fredag, innestengd måndag

I dag skulle vi arbeide inn andre halvdel av ein inneklemd fredag seinare i vår, og arbeidsdagen min varte derfor frå 8 - 18, med eit lite avbrekk då eg henta ungar, handla mat og plasserte alle fire ungane på hybelen til Eldstejenta, der dei skulle lage seg mat sjølve og vente på at Barnefaren kom attende frå Bergen.

Storegut hadde i dag vore på Gründercamp-opning i Austefjorden, der bandet hans (Lommerosk) spelte. Ut på ettermiddagen tok han ferja over til Folkestad og deltok i årets første, og kanskje våtaste, fotballtrening. Eg henta han der etter at eg hadde fullført dagens jobb-dont, og han vart kommandert til å ta seg ein lang, varm dusj. Etter kvart dukka resten av banden opp, og vi tok oss ein improvisert kveldsmat.

Det vart ikkje verken tid eller lyst til nokon trimtur i regnet i dag, men det får eg heller ta att seinare i veka.

4 kommentarer:

  1. Tøffe T-skjorter ! Du kunne no hatt ei med organist på-eller kanskje det blei litt feil?

    SvarSlett
  2. Får håpe fredagen som blir innarbeidd blir ein solskinnsdag no då-så er det litt vits i det.

    SvarSlett
  3. Når gale skal vere, er det greitt at ein sit inne ein regnfylt dag - då vi arbeidde inn første del av den inneklemde fredagen, var det strålande vêr ute. Eg har stor tru på at våren kan bli fin i år, og eg skal ikkje sensurere eksamen. Eg får dermed høve til å nyte fridagane, ikkje berre nytte dei.

    SvarSlett
  4. Eg har også tru på denne våren. I fjor hadde vi sol heilejanuar, februar og delar av mars. Eg meiner vi brukte opp fineveret då. I år derimot har vi mykje til gode.

    SvarSlett