søndag 17. april 2011

Bok 24 2011: "Drømmen om Amerika" av Toril Brekke

Det er tidleg 1800-tal, og livet er hardt i Noreg. Vi møter nokre personar som vil til USA og får høyre om livet deira før, under og etter overfarten. Forviklingane og utfordringane er mange, og mykje av stoffet verkar dokumentarisk og sannsynleg.

Romanen er lett å følgje med i, og her er ein del spenning. Likevel er boka ein lettvektar for oss som har vakse opp med Vilhelm Mobergs bøker om det same temaet. Innhaldet er kanskje spennande nok, men noko i språket og framstillingsmåten gjer det likevel litt stilleståande til tider.

Romanen er den første boka i ein trilogi, og eg skal kose meg med dei to andre i påska. Innvandring i USA er eit spennande historisk tema, og desse bøkene har truleg meir historisk enn litterær verdi.

1 kommentar:

  1. Eg har lese dei fleste av Toril Brekke sine historiske romanar og synest dei er ganske kjedelige.

    SvarSlett