lørdag 30. juli 2011

Bok 57 2011: "Nattefokk" av Johan Theorin

Eg har tidlegare skrive at eg går fort lei av kriminalsjangeren, som eg ofte finn temmeleg føreseieleg. Theorins andre bok frå Öland er ei blanding av ein tradisjonell kriminalroman og ei spøkelseshistorie, og eg burde derfor ikkje vere så begeistra. Likevel er det noko som tiltalar meg ved boka, og det er først og fremst stemninga. Eit ektepar har kjøpt ein forfallen eigedom som dei skal pusse opp og bu i. Kona har reist i førevegen saman med borna, og det er mannens historie vi får servert, saman med dagbokutdrag og parallelle historlier om politikvinna Tilda og nokre kunsttjuvar. Vekslinga i synsvinkel gir boka framdrift, og naturen og vêret set ei uhtggeleg stemning. Nokre av trådane vert ikkje heilt nøsta opp, og eg kunne godt ha klart meg utan gjenferda - elles likte eg boka og skal snart lese den tredje i serien.

4 kommentarer:

  1. Eg har lese alle tre, utan å vere overbegeistra. Men det er skildringa av folk og landskap er likar. Spøkelseshistorier er ikkje mi greie.
    Og som eg har sagt før:Eg har vore på Øland og ser for meg både Alvaret og tettstadane.

    SvarSlett
  2. Utvalet når det gjeld lydbøker begynner å bli noko snevert i det lokale biblioteket. Det hjelp godt med eit besøk i nabobygda, berre for variasjonen. Det er mykje krim og kliss...

    SvarSlett
  3. Heilt enig.No les eg ei som heiter Brente skygger. Den er veldig lettlesen og passar godt for lydbok sidan det er få personar å halde orden på.Sist eg var innom fann eg ingen ting. Vi får håpe på ein god bokhaust.

    SvarSlett
  4. Eg ser at eg skreiv lite om den andre, men eg trur vi er nokonlunde einige ...
    http://solveigsiside.blogspot.com/2011/03/bok-14-meir-krim-fra-oland.html

    SvarSlett