onsdag 22. februar 2012

Vinterferie dag 3: roadtrip til ytre strok

Eg har sett på gardiner, på Internett og i dei lokale butikkane, men utvalet har vore lite når det gjeld ferdigsydde lengder. Før jul la eg merke til at der var mykje meir fint på Kid interiør, ei kjede som har næraste filial i Ulsteinvik. Derfor gjekk turen dit i dag, og vi fekk kjøpt gardiner til alle fem soveromma. Stovegardiner skal eg vente litt med til eg finn dei kjøkengardinene eg vil ha - der er utvalet skralt når det gjeld ferdigsydde lengder uansett butikk-kjede.

Etter gardinhandelen tok vi oss ein tur til Blåhuset for å kjøpe premie til Minstemann, som igjen var stor og flink gut hos tannlegen. Midt inne i senteret møtte vi på slekta, som inviterte oss over Eidet på "enkel servering".

Vi kjørte derifrå i tide til å nå opningstidene på Jysk og Elkjøp/Skeidar, og Lillebil vart fylt opp av hattehyller, persienner, kasserollar, brødristar og diverse kjøkenreiskap som litermål og brødkniv. Når alt skal skaffast frå grunnen av, er det vanskeleg å vite nøyaktig kva ein treng.

På veg heim svinga vi innom Nyehuset for å dumpe tinga der, og då fekk vi opp nokre gardiner og litt småarbeid av det slaget. Veslejenta monterte opp ein dvd-spelar på rommet til Minstemann, så i morgon satsar eg på å få meir arbeidsro enn elles når eg skal gjere noko i huset.

Barnefaren hadde vore på Jysk og handla på instruks ein kommode og ei bokhylle, så vi har meir å gjere. I morgon tek vi dessutan med kamera, så vi får ferske interiør-nyhende på bloggen. Eg veit det er ein del som er nysgjerrige på korleis det går med oss, og både for dei og oss er det spennande å sjå huset bli til ein heim.

1 kommentar:

  1. Kjekt å følge med på det som skjer.Eg trur eg puttar rømmegrauten i frysaren til de får litt betre tid. Den står seg der. Lykke til med jobbinga. Kjøp ikkje i hop for mykje kjøkkenutstyr, for eg kunne tenke meg å avstå litt av mitt.

    SvarSlett