søndag 30. desember 2012

Bok 88 2012: "Noa" av David Maine

Då eg såg denne romanen stå i hylla på biblioteket, plukka eg den med meg mest fordi eg lurte på kva  ein roman om ei av dei mest kjende bibelforteljingane kunne ha av litterær verdi. Det lurer eg framleis på, etter å ha lese boka. Det er kanskje god underhaldning å leve seg inn i korleis det gjekk føre seg då Noa bygde arken, og ikkje minst då dei skulle etablere eit nytt samfunn, men etter mitt syn har ikkje denne romanen noko særleg å tilføre. Her er ingen tydeleg bodskap, og her manglar både retning og tendens når det gjeld stil og innhald.

1 kommentar:

  1. Dei gammaltestamentlige fortellingane er så gode i seg sjølv at dei bør kunne stå seg utan omskrivingar. I Bibelen er heile prosessen med bygginga med-for dei som er interesserte.
    No kom eg sorreste på at eg sjølv skreiv ei fortelling o m utferda frå Egypt på eit skrivekurs...........

    SvarSlett