søndag 31. mai 2015

Bok 38 2015: "Valdemarsdag" av Kim Leine

I denne boka prøver forfattaren å teikne eit litterært portrett av farfaren sin, basert på ein del forsking og dokument. Denne forma for "faksjon" (fakta-fiksjon) er svært populær, og den er òg interessant å lese, synest eg. Farfaren til Kim Leine myrda ein mann, og ein får ei miljøskildring som forklarer og gir eit bakteppe for denne hendinga. Boka er velskriven og interessant, sjølv om det til tider vert lagt svært mykje vekt på seksuallivet til farfaren.

1 kommentar:

  1. Det er ei stund sidan eg las denne boka; las både denne og Kalak for å bli betre kjent me Kim Leine-etter å ha lese Profetene.... for andre gong.

    SvarSlett