onsdag 3. juni 2015

Dignity Day 2. juni

Tysdag vart ikkje ein heilt vanleg dag på skulen for mange av elevane våre. Kronprinsen kom på besøk for å leie førsteklassene gjennom opplegget "Dignity Day", som mellom anna går ut på å fortelje historier om noko ein har opplevd i livet, men som òg set meir generelt fokus på menneskeverd. Eg var ikkje direkte involvert i opplegget, men elevane fekk kome ut på skuleplassen og helse på Kronprins Haakon både då han kom og då han reiste att. I tillegg hadde eg i første time eit opplegg i norsk knytt til bryllaupstalen hans frå 2001. mange av elevane hadde ikkje så god greie på det norske kongehuset, så dei fekk presentert ein kortversjon på direkten.

Musikklinja hadde øvd inn "You raise me up" som korsong, noko eg trur Kronprinsen må ha sett pris på. Elles var skulen prega av vakthald og uniformar mykje av dagen, noko vi heldigvis ikkje opplever så mykje av elles i året.

2 kommentarer:

  1. Eg må beundre medlemmene i Det norske kongehuset for at dei viser seg så ofte "blant folket". Du skulle no sørga for å få ein selfie med krompen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje heilt min stil, dessutan har eg ikkje kamera på mobilen min :D

      Slett