tirsdag 5. juni 2018

Bok 36 2018: "Malstrømmen" av Frode Granhus

Det viste seg at denne boka ligg før den førre eg las i tid, men det baud ikkje på dei heilt store problema. Tittelen gir assosiasjonar til den gamle tv-serien "Malstrøm", som mange hugsar som uhyggeleg. I den stod nokre dokker sentralt, og det gjer det òg i denne romanen - noko som tyder på ein medviten referanse. Eg undrar meg litt over at mange finn porselensdokker uhyggelege, men det er ei anna sak.

Handlinga er relativt enkel i og med at nokre dokker vert funne ved sjøen og deretter vert kvinner som minner om dokkene funne livlause. Som i den førre boka jobbar etterforskarane seg fram mot moglege løysingar ved å samtale med menneske i lokalmiljøet, og det kjem stadig vriar som kastar nytt lys på forklaringane.

Eg likte denne boka svært godt, og har allereie skaffa meg to lydbøker til av same forfattar. Vanlegvis er eg kritisk til krim, men desse bøkene har vore heilt etter min smak. Kanskje er det mest fordi dei har så grundige forklaringar av psyken til hovudpersonane, og fordi miljøskildringa er overtydande.

1 kommentar:

  1. Eg hugsar den første boka eg las av forfattaren, eg vart liggande å lytte heile natta-vi var på Kongsberg-men sovna sikkert då det vart morgon. Med slike seriar er det alltid lurt å lese bøkene kronologisk. Eg har likt dei fleste bøkene hans godt, og så likar eg at han tek ferje over Vestfjorden, det har eg også gjort, og eg har vore både i Bodø og i Reine.

    SvarSlett