torsdag 13. desember 2018

13. desember: budsjettmøte, bror og basargevinst

Eg har inga undervisning torsdagane i år, så eigentleg er det ein dag eg set av til arbeid med oppgåva mi. Førre veke valde eg å bruke "fridagen" til retting, og denne torsdagen gjekk med til budsjettmøte i kommunestyret. Vi heldt på frå 10-16.30, bortsett frå ein times middagspause med juletallerken, og det var mange interessante innspel før vi fekk landa budsjettet.

Det er eit historisk budsjett sidan det er det siste for det som vi no kallar "gamle Volda", men òg fordi vi har så mange gode og kostbare vedtak. Her skal investerast i ny ungdomsskule, kulturhus og idrettshall, mellom anna, og alt dette kjem til å verte ei vitaminsprøyte for voldasamfunnet. Samtidig vil det koste skjorta, så det blir ein enorm dugnad som kjem til å prege framtidige budsjett.

Vel heime slappa eg litt av før Storegut kom heim på juleferie. Det er sjølvsagt stor stas, sjølv om han har litt att å jobbe med på ei innlevering før han kan ta ferie.

Ei stund etter kom ein annan hyggeleg gjest med ein diger sekk ved. Den hadde Minstemann vunne på basar for ei tid sidan, og det er vel den beste basargevinsten ein kunne tenkje seg i vinterkulden!

I bloggande stund har Minstemann kome heim frå bandøving, og gutane jammar i kjellaren. Det er stor stas for begge to, og mammahjartet dunkar i takt med musikken.

2 kommentarer:

  1. Svar
    1. Ja, det var fantastisk kjekt, spesielt fordi eg ikkje hadde sikra meg juleved enno. Eg har att nokre sekkar frå i fjor, men det minkar fort når ein først får vanen med å fyre.

      Slett