fredag 17. april 2020

Femte koronaveke, dag 5

I dag hadde eg ein meir hektisk dag enn på lenge, trass i at eg heldt meg heime og inne. Eg deltok på tre ulike nettmøte, i tillegg til at eg hadde undervisning om føremiddagen. Elevane skulle sjå ein kortfilm og svare på nokre spørsmål til den, og så skulle dei levere inn svara så eg kunne godkjenne eller underkjenne dei. Eg har fått tilbakemeldingar frå dei om at denne undervisningsforma fungerer fint, og for meg er det ein fin måte å sjekke at dei gjer det dei skal. Faktisk trur eg at eg skal halde fram med å gjere slikt når vi er attende på skulen att. Denne gongen fekk eg fleire meldingar om at det var ei veldig kjekk oppgåve, så då vart eg glad.

Møta i dag dreia seg om opning av barnehagane i neste veke. Det er spennande å sjå korleis situasjonen utviklar seg, og barnehagane har gjort ein kjempejobb med å planlegge korleis dei skal skjerme borna og halde dei i små grupper og med godt reinhald av leiker og rom.

Etter jobb var eg litt lat, men eg greidde å motivere meg sjølv til å gå ein tur langs vegen, om ikkje anna. Det vart ein lengre tur enn eg hadde trudd, for no er det ein mild vår i anmarsj. Eg gjekk innover bygda, og der såg eg både leikande born og arbeidande menn - to kjekke vårteikn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar