mandag 27. april 2020

Sjuande koronaveke, dag 1

I dag hadde eg ikkje anna undervisning enn klassens time frå 8.15-9.00, så eg var tidleg oppe og tidleg ferdig. Alle vekas opplegg er for lengst planlagde, og all vurdering frå førre veke er utført, så eigentleg hadde eg ikkje så presserande arbeidsoppgåver. Dermed tok eg fri litt tidleg, og så for Veslejenta og eg på slyngen. Det var så lenge sidan sist at vi vart heilt øsete begge to, og kortet sat laust - under påskot av å støtte lokalt næringsliv.

På Plantasjen kjøpte vi fem sekkar kugjødselkompost (tilbod), så då var lukta i bilen sikra. Vi fekk òg med oss tre sekkar med vanleg mold og ein sekk plengjødsel. Dermed vart det ikkje plass til så mykje meir i bilen, så solseng og plantar får vi ta ein annan gong. I Ørsta stakk vi innom Alti, der vi kjøpte sengetøy og diverse til hybelen i Trondheim, i tillegg til nye voksdukar.

Endeleg fekk vi besøkt mamma/mormor - det var veldig lenge sidan sist, og veldig kjekt å vere saman "live" igjen.

På veg heim kjøpte vi diverse matvarer, og så var det heim til Minstemann. Han bar all molda (8 sekkar + plengjødsel) oppom huset og la dei på ein pall vi hadde liggande frå då han vann ein pall med ved. Det var fin sol ute i dag, men kaldt viss ein skal styre med bed. Det er uansett greitt å ha liggande det ein treng når ein får ånda over seg og vêret stemmer.
Dette stativet kom i posten i dag

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar