søndag 26. april 2020

Sjette koronaveke, dag 6

Mot slutten av dagen har eg ei kjensle av at eg ikkje har gjort all verda, men eg trur eg har fått utretta ein del likevel.

Den store kraftprøva i dag var ein handlerunde til Eid. Vanlegvis synest eg det er litt stressande å handle inn aleine, og no for tida er det ekstra mykje styr. Eg plar berre handle mat og reise heimatt med det same, men i dag hadde eg diverse anna eg gjerne ville ha utretta. Likevel starta eg med å handle mat, så eg ikkje skulle bli for sliten til å få mat i huset. Eg kan nemne at det var 5 grader meir på Eid enn heime, som vanleg er denne årstida, så eg hadde sjølvsagt kledd meg for mykje.

Eg kom heim med nesten full bil, noko som ikkje er så imponerande med tanke på kva bil eg har. Eg kjøpte mellom anna skrape, grunning, penslar og maling til verandarekkverket, terassebeis og rulle til golvet på verandaen på nedsida av huset - og ein ny solstol som eg kan sitje i medan ungane malar og beisar. Neida, det er vel optimistisk,  men vi er i alle fall utstyrde til diverse arbeid i veka som kjem. Først av alt skal vi kople på høgtrykksspylaren og spyle verandaen fri for grønske og anna skit.

Vel heime brukte eg ein del tid og krefter på å få på plass varene, og så sette eg meg på verandaen og las ut den boka eg heldt på med. Det vert ikkje lese mykje i papirbøker dei dagane eg sit med mykje dataarbeid. Etter kvart tok eg meg ein sykkeltur med Charlie, styra litt her og der, og så var det kveld og eg planta meg sjølv framfor tv-en. Eg lever kanskje som ein 90-åring, men eg kjedar meg ikkje, og dagane går veldig fort. I morgon kjem ungane att, og det ser eg sjølvsagt fram til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar