tirsdag 7. april 2020

Fjerde koronaveke, dag 2


Også i dag gjekk eg i Lisjedalen. Denne gongen var det ikkje noko snø på vegen, så det var lettare å gå. Eg skrudde òg opp tempoet litt, for å trene kondisjon. Skogsvegar er kjekkare og billegare enn tredemøller. På veg heim møtte eg ein hund som nyleg flytta til bygda. Den var skikkeleg skjønn, og det må vere kjekt for familien å ha ein kvelp å stelle med i koronatida.

Eigentleg hadde eg tenkt å jobbe ute i hagen då eg kom heim, men det var sur og kald vind ute, og eg var litt frostig. Det vart derfor til at eg retta ein bunke i staden - det vil seie, eg retta ferdig ein bunke eg hadde begynt på i førre veke.

Det store spenningsmomentet i dag var pressekonferansen til statsministeren. Planen no er å opne opp barnehagar 20. april og  skulen for 1. - 4. klasse og VG2 og 3 yrkesfag den 27. april. Livet her i huset kjem såleis til å halde fram med heimeundervisning i nokre veker til.

For eit par veker sidan erta ungane meg fordi eg hadde kjøpt for mykje mjølk, og eg svara at eg trengde mykje mjølk viss eg til dømes skulle lage risengrynssuppe. Det påstod Veslejenta at eg aldri har laga, og at det høyrdest ekkelt ut. Det er ein av mine mange favorittar i matvegen, og i dag hadde eg ein liter mjølk som går ut på dato i morgon. Dermed hadde eg ei årsak til å koke suppe berre til meg sjølv. Eg var dessutan litt låk i halsen, så det frista med noko varmt.

Det er tidleg kveld, eller sein ettermiddag, og eg trur eg kjem til å kose meg med lydbok og tv resten av dagen/kvelden. Fordelen med å vere aleine, er at ein kan velje heilt sjølv kva ein vil sjå og høyre, kva ein skal ete og kva tid. Det kan vere litt einsamt, sjølvsagt, men førebels kosar eg meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar