søndag 12. april 2020

Fjerde koronaveke, dag 6

Påskeaftan 2020 brukte eg til å handle, lese og sjå litt tv. Litt husarbeid  og skulearbeid vart det òg, men lite å ta bilete av. Om ettermiddagen, då eg hadde tenkt å gå tur, pøsregna det. Om kvelden slutta regnet, men då gadd eg ikkje gå ut.

Eg hadde grua litt for å fare til Eid og handle, men det gjekk veldig bra. Der var få bilar på parkeringsplassen og få menneske i butikken, og tilsette med vaskeutstyr gjekk rundt og vaska alle handtak. I tillegg hadde dei antibac og eingongshanskar ved inngangen, noko dei har hatt i snart ein månad. Eg bruker sjølvsagt begge delar, sidan eg oppfører meg som om eg sjølv og alle andre har pest. Alt gjekk bra heilt til eg kom i betalingskøen, då nokre andre kundar kom noko nær. Eg heldt pusten så lenge eg kunne. Då eg sette på plass handlekorga, kom ein mann og overtok den, utan hanskar. Dpttera hans forsynte seg med antibac, og han spurte henne "tek du det før du handlar?". Det er tydelegvis ikkje alle som er like hysteriske, og kanskje er det ikkje grunn til det heller. Der er ingen bekrefta smitta i Stad kommune. Enno.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar