mandag 16. mars 2009
søndag 15. mars 2009
Kvikk lunsj
Ungane, hundane og eg gjekk lang tur i skogsvegen i dag, og då vi kom heim, kosa dei seg vidare ute. Det var ikkje fullt så fint ute som i går, men fint nok til å tilbringe mesteparten av dagen ute. Måltida blir enkle slike dagar - det er berre to skikkelege måltid for dag, frokost og middag, og så får resten bli etter innfallsmetoden. Frukt er alltid populært, og av ein eller annan grunn smakar den best når den er delt opp i bitar.
lørdag 14. mars 2009
Ein strålande dag for Indiana Jones, Marion og ein loden nazist
Strålande sol og framleis nokre fordjupingsemne att å rette - her var det berre ein ting å gjere: setje seg ut i solveggen og lese elevarbeid! Naboen syntest visst eg var litt pinglete der eg sat i sola med Felleskjøpdress og solbriller, klar for å få slutt på marsipankvit hud, men ikkje klar for vårforkjøling. Eldstejenta rydda og vaska ned rommet sitt, Nummer 2 var på besøk hos ein kompis, Nummer 3 leika med nabogutane og fekk vere med dei på fisketur og Minstemann leika seg og klatra i tre i hagen. Han og eg gjekk dessutan ein lang tur i skogsvegen - eg på vegen og han i berga ved sidan av - medan vi var Indiana og Marion (ei av filmdamene, sjølvsagt). Bau var også med, og han fekk rolla som nazist. Vi hadde dessutan med trillevogna, og den var ein tanks som Indiana skulle slenge seg på i fart. Vogna har no to punkterte dekk, men ein kan vel ikkje koste på reparasjon og ekstradelar til vogn når guten snart er skulegut? Vi får intensivere sykkelopplæringa - eg ser inga anna råd.
Vinklubb på Brauta
Og så var det tid for oss å møtast igjen - 14 blide damer med mykje på hjartet om laust og fast. Vinane smakte fortreffeleg - to argentinske og ein økologisk spansk (den var ikkje så god som dei hine). Vertinna serverte dessutan ein nydeleg skaldyrsalat med ris. Vi prata og lo til langt på natt, så det må vel seiast å ha vore ein vellukka kveld på alle måtar.
fredag 13. mars 2009
Brennevin og silikon i barnehagen?
Rundt lunsjbordet i dag gjekk diskusjonen høglydt, og temaet var det lokale bandet som har hatt stor kommersiell suksess siste åra, og som var portretterte i eit dokumentarprogram på Nrk1 i går kveld. Det er ikkje mange på personalrommet som ville ha tilstått å like denne musikken, og i alle fall ikkje tekstane, men diskusjonen går på om det er snobbete å heve seg over slike utslag av ekstrem vulgaritet/folkelegheit. Graden av ironisk distanse vart òg heftig diskutert.
Personleg har eg lite til overs for sjangeren, som kanskje kan kallast "rølpecountry". Eg ser likevel at musikken eg sjølv lyttar til ikkje alltid er fri for klisjéar både i tekst og melodi. I dag tidleg hørte eg på AC/DC i bilen, og det var ikkje det beste døme ein kan finne på litterær nyskaping. Ein finn dessutan døme både på erotikk og anna utagerande åtferd.
Kanskje verkar det berre sterkare fordi det er norsk? Og lokalt?
For min del må dei berre spele og synge kva dei vil, og fansen må få synge med og drikke med begge hender om det er det dei vil. Det eg derimot reagerer negativt på, er at så mange ser på musikken som familievennleg. Ungane spelar platene i barnehagen og syng med i dei humørspreiande tekstane om til dømes fordeling av 24 liter brennevin og innoperering av silikon i bryst som følgje av betra økonomi. Undertekst: tøffe menn drikk mykje, og fine damer har store puppar.
I min barndom song vi truskuldige songar om at "noen barn er brune som et nystekt brød"...
God helg til alle der ute!
Personleg har eg lite til overs for sjangeren, som kanskje kan kallast "rølpecountry". Eg ser likevel at musikken eg sjølv lyttar til ikkje alltid er fri for klisjéar både i tekst og melodi. I dag tidleg hørte eg på AC/DC i bilen, og det var ikkje det beste døme ein kan finne på litterær nyskaping. Ein finn dessutan døme både på erotikk og anna utagerande åtferd.
Kanskje verkar det berre sterkare fordi det er norsk? Og lokalt?
For min del må dei berre spele og synge kva dei vil, og fansen må få synge med og drikke med begge hender om det er det dei vil. Det eg derimot reagerer negativt på, er at så mange ser på musikken som familievennleg. Ungane spelar platene i barnehagen og syng med i dei humørspreiande tekstane om til dømes fordeling av 24 liter brennevin og innoperering av silikon i bryst som følgje av betra økonomi. Undertekst: tøffe menn drikk mykje, og fine damer har store puppar.
I min barndom song vi truskuldige songar om at "noen barn er brune som et nystekt brød"...
God helg til alle der ute!
torsdag 12. mars 2009
Bok 15 2009: "Charlotte Isabel Hansen" av Tore Renberg

Denne tredje boka om Jarle Klepp er minst like lettlesen som dei to første. Eg har verkeleg sansen for dei gode historiene til Renberg, sjølv om denne kanskje er i overkant forutsigbar. Jarle Klepp får i september 1997 plutseleg besøk av ei sju år gammal dotter han ikkje visste han hadde. Det morosame i boka er møtet mellom denne nye verkelegheita og Jarle Klepps liv som hovudfagsstudent i litteraturvitskap. Mykje av det faglege han er oppteken av, er kjent stoff for meg, i og med at eg òg studerte på 90-talet. På same måte kjende eg meg mykje att i dei to tidlegare bøkene, "Mannen som elsket Yngve" og "Kompani Orheim", der handlinga er lagd til 80-talet. Å høyre forfattaren lese boka, gav leseopplevinga eit ekstra løft. Jarle Klepp er ein mann ein kan identifisere seg med og interessere seg for, og etter det eg har forstått, vil Renberg skrive meir om livet hans.
onsdag 11. mars 2009
Shopping spree på lavbudsjett
Tysdag kjørte eg Nummer 2 og to kompisar på hiphop i Ørsta, og då nytta eg høvet til å fornye garderoben hans. Medan jentene i familien plar vere positive og shoppingvillege, er gutane av det litt særare slaget. Og med kompisar på slep vart det ikkje den storhandelen som Gamla hadde tenkt seg. Alle mine forslag vart nedstemde med ein overberande og nesten hånleg latter, bortsett frå forslaga mine om burger og milkshake.
På skulen i dag hadde den håpefulle på seg det eine nye antrekket han fann passande, og mora synest sjølvsagt han er fin i saggebukse og slips.
Popiums Silver lining

I lengre tid har eg vore på leiting etter denne songen, og no har den endeleg kome på youtube. Den er brukt i ein reklamesnutt, eg trur det er reklame for Postbanken, men er ikkje sikker fordi eg hittil berre har konsentrert meg om songen.
mandag 9. mars 2009
Ungdomens vår?
I London forelska Eldstejenta og eg oss i desse skorne. No er dei komne til Volda òg, og eg har for lengst lova avkomet eit par etter fritt val. Det store spørsmålet no er: kan Gamla også kjøpe slike? Viss ho vel eitt av dei minst glorete para, kanskje? Ein har ikkje lyst å gå rundt som e
i vandrande førtiårskrise, men dei er u
truleg søte og vårlege, då...
i vandrande førtiårskrise, men dei er u
truleg søte og vårlege, då...
søndag 8. mars 2009
Crufts 2009

Crufts er, for dei som ikkje er inne i det, den mest prestisjefylte hundeutstillinga i Europa. No i helga gjekk den av stabelen, i Birmingham UK. Leo, faren til gardshunden Bau, vart Best in Breed av alle dei påmelde beardisane. Det er veldig stort og ærefullt, for det er berre spesielt utvalde hundar som vert kvalifiserte for å delta på denne årlege galskapen. Vi gratulerer!
Bok 14 2009: "Undset" - eit høyrespel med Ellen Horn

Mange vil nok hugse at Ellen Horn reiste rundt med eit monolog-teaterstykke om Sigrid Undset. Det gjekk eg glipp av den tida, men no har eg høyrt lydboka som er eit høyrespel av det same teaterstykket. Kanskje er det juks å telje dette med blant årets lesestoff, men eg tek sjansen. Sigrid Undset er ein forfattar eg har litt ambivalente kjensler for - noko av dette har kome fram tidlegare på bloggen, når eg har kommentert filmen om Kristin Lavransdatter. Personleg likar eg betre bøker som "Jenny", men der er ein del haldningar til spørsmål om moral og seksualitet som alltid har verka noko bakstreversk. Nokre av desse synspunkta vart klarare og lettare å forstå gjennom denne lydboka. Tanken slo meg at hennar liv kanskje var vel så interessant som fleire av bøkene hennar; blant anna så er det ikkje så lett å stå på barrikadane for kvinnesaka når ein har huset fullt av born og kjenner seg mislukka som hustru og mor. Det er viktige aspekt ved kvinnelivet "alle dager".
Til lukke med kvinnedagen!
lørdag 7. mars 2009
O arbeidslyst, kom til meg, her skal du motstand finne...
Medan eg har sete i kjellaren med rettingsarbeid opp til øyrene i dag, og Eldstejenta har lege sjuk på stova oppe og sett gamle filmar, har resten av gjengen produsert store mengder ved. Nytteverdien av deira arbeid er truleg størst, men eg må seie eg har misunt dei høvet til å vere mykje ute på denne fine dagen. Eg kan ikkje fordra å sitje inne og sjå på solskinet ute, og i dag har bunkane krympa særs sakte...
Utfordring på strak arm?
Ute i bloggverda har det i den siste tida vore mange døme på kva folk er nøgde med på kjøkenet sitt, og eg har frykta at utfordringa skulle kome hit til gards. Og no er eg altså utfordra (takk til Systa). No har det seg slik at eg ikkje akkurat er sjukeleg oppteken av interiør generelt og kjøkkenting spesielt, og eg føler i tillegg at kjøkenet mitt med tilhøyrande familie har vore avbilda nok på denne bloggen allereie. Likevel; eg tok meg ein runde og reflekterte i dag, og her er resultatet.
Først og fremst: eg er nøgd med å ha eit såpass stort kjøkken. Vi har sessa 27 vaksne til bords på det meste, og slikt er kjekt. Eg er dessutan glad i den blåfargen vi enda opp med på veggane, etter at dei var kremkvite i fleire år. Eg trur det var hausten 2006 eg hadde vinklubb og erklærte at vi skulle male kjøkken neste dag, og at fargen vi hadde sett oss ut heitte "lys eitt eller anna Middelhavsområde". Alle damene var så begeistra, for den fargen hadde dei visst i husa sine alle som ei. Neste morgon gjekk Gubben og eg innom målarbutikken, såg på eit fargekart og sa noko slikt som "pokker heller, me teke blått". Ikkje akkurat moderne, men ein farge eg ikkje går lei av. Den passar dessutan supert saman med dei mørkbeisa gamle møblane vi har arva etter tidlegare huseigarar.
Når nokon ringer til oss, og klokka på kjøkenet slår, er det mange som har undra seg. Vi synest det er ein koseleg lyd - og så er det ei bryllaupsgåve som besteforeldra til Gubben fekk ein gong på 1930-talet. Desse besteforeldra har vi ei nydeleg teikning av, og den heng over det gamle trøorgelet (som eg faktisk ikkje er så nøgd med). Eg kjende aldri Bestefaren, men Bestemora til Gubben var ei fantastisk dame som eg rakk å bli glad i. Mange gonger har eg tenkt at dei to på veggen ville ha vore glade dersom dei kunne sjå at heimen deira var fylt av barnespetakkel igjen.
Då Eldstejenta hørte at eg tok bilete av ting eg er glad i på kjøkkenet, ville ho straks posere: "for du e no glade i mej!". Og sjølvsagt er eg det, og i dei fire bileta av ungane som babyar. Dei heng også på kjøkenet, og eg beundrar dei med glede og vemod kvar einaste dag. Det er sjølvsagt ikkje tinga våre vi set mest pris på her i livet nokon av oss, men dei menneska vi vel å omgi oss med.
Bok 13 2009: "Et glass melk takk" av Herbjørg Wassmo

Tora-serien til Wassmo kom ut då eg var svært ung, og eg hugsar at den gjorde inntrykk på meg personleg, men òg at den førte til ein samfunnsdebatt om emnet incest. Då eg seinare las Dina-serien, fekk eg overdose av Wassmo. Ho la seg til ein symbolsk stil som vart nesten parodisk i mine auge. I boka "Et glass melk takk" finn vi noko slik symbolbruk, men her fungerer det greitt, sjølv om det kanskje er noko overtydeleg. Boka omhandlar trafficking, og vi møter den litauiske jenta Dorte som vert lokka til Stockholm som servitør, men som endar opp som prostituert i Oslo. Boka er til tider svært direkte, men som eg las i denne bokmeldinga, så er det verste at ein forstår at røyndomen mest sannsynleg er verre enn skildringane til Wassmo.
fredag 6. mars 2009
Mimring om russeaviser
Kvart år har skulen der eg har vore elev og lærar i til saman nesten ti år besøk av ein lokal entusiast som samlar på russeaviser. Han snakkar til årets avgangskull om kva som kjenneteiknar god og dårleg russeavisjournalistikk, og så viser han gode og mindre gode døme frå fortidas utgåver av lokale og litt meir perifere russeaviser.
Det året eg var russ, hadde redaksjonen lagt seg på ein noko sær og intern humor - nemleg blasfemi. Ein fekk lese referat frå ein fotballkamp mellom Himmelen og Helvete, og midt i avisa fann ein ein sprellemann-Jesus - til utklipping og montering med splittbinders. Eg var ikkje med i redaksjonen, men sidan eg var sentral i andre delar av feiringa, måtte eg gå noko i forsvar for saka då rasande kjøparar kom og forlanga pengane attende.
Ei påminning om at ein skal vise varsemd ved bruk av intern humor? Såvidt eg hugsar var blasfemi-humoren meint som eit stikk til Kristenrussen, men redaksjonen må òg kunne seiast å ha vore tidleg ute med den typen provoserande og tabu-sprengande humor som har blitt så populær dei siste åra.
Det året eg var russ, hadde redaksjonen lagt seg på ein noko sær og intern humor - nemleg blasfemi. Ein fekk lese referat frå ein fotballkamp mellom Himmelen og Helvete, og midt i avisa fann ein ein sprellemann-Jesus - til utklipping og montering med splittbinders. Eg var ikkje med i redaksjonen, men sidan eg var sentral i andre delar av feiringa, måtte eg gå noko i forsvar for saka då rasande kjøparar kom og forlanga pengane attende.
Ei påminning om at ein skal vise varsemd ved bruk av intern humor? Såvidt eg hugsar var blasfemi-humoren meint som eit stikk til Kristenrussen, men redaksjonen må òg kunne seiast å ha vore tidleg ute med den typen provoserande og tabu-sprengande humor som har blitt så populær dei siste åra.
onsdag 4. mars 2009
Klovnar i kamp
3, 6, 7, 4, 6, 4, 3, 2, 1....
Kva viser den noko kryptiske overskrifta til? Noko for Dan Brown å kaste seg over? Neida, den refererer til min innsats som barnepassar i dag. På turen til Molde i går vart eg berre sjukare og sjukare (så sjuk at eg droppa middagen, og DÅ er det gale!), og då eg kom heim, la eg meg på sofaen med eit pledd og fraus/sov til det var på tide å legge seg. I dag har eg stort sett sete her og vurdert ein prøvebunke - og då meiner eg vurdert å rette. Kvalitetstida saman med ungane har altså dreia seg om å telje kor mange dei var her. Ikkje det at dei sakna meg på nokon måte; her har dei leika, spelt "Fantasi" og bygd jakthytte, så dei leid inga naud. Kanskje bikkjene lid litt, men det får eg prøve å ta att i kveldinga.
No må eg snart ta meg saman og lese gjennom morgondagens tekstar, men den prøvebunken får berre ligge. I morgon får han selskap av ein ny bunke, så no går det slag i slag fram til jonsok. Berre eg no blir fort frisk att, skal det nok gå bra. Lurer på om eg har Post-London-syndrom.
No må eg snart ta meg saman og lese gjennom morgondagens tekstar, men den prøvebunken får berre ligge. I morgon får han selskap av ein ny bunke, så no går det slag i slag fram til jonsok. Berre eg no blir fort frisk att, skal det nok gå bra. Lurer på om eg har Post-London-syndrom.
søndag 1. mars 2009
Girls just wanna have fun
Nummer 3 sukka djupt på heimveg i går: "endelig ekje ej den einaste jenta i familien!" I dag har Eldstejenta drive med yndlingshobbyane sine: styling og foto. Eg legg ved eit par døme frå jentene sin foto session. Inskripsjonen på Nummer 3 si T-skjorte (kjøpt i London, sjølvsagt) er: "If you think I'm a bitch, wait until you meet my sister". Dei mest vakne og interesserte blogglesarane kan ha fått med seg at Eldstejenta kjøpte ei liknande til seg sjølv (sjå London-innlegget lengre nede).
Inskripsjonen på denne T-skjorta hennar viser vel tydeleg nok...
Bok 12 2009: "Svart elfenben" av Arne Svingen

Forfattaren er best kjend som barnebokforfattar, blant anna av bøkene om Hubert og om Bendik og monsteret. Denne boka er kategorisert som ungdomsroman, og den har noko brutal handling. Eg-personen blir med bestekameraten, som er afrikansk asylsøkjar, til Afrika for å ta eit oppgjer med fortida. Sidan eg nyleg las boka av Tomm Kristiansen, var eg framleis litt i Afrikamodus. Handlinga er spennande, men leseopplevinga har blitt noko forstyrra av soving med påfølgjande attendespoling.
lørdag 28. februar 2009
Bok 11 2009: "Popsongar" av Frode Grytten

Grytten er ein fantastisk forteljar, og denne boka er nesten like god som "Bikubesong" (den er ein av mine favorittar). Forteljingane/novellene/tekstane er inspirerte av songar, og sidan eg høyrde boka som lydbok, kunne eg godt ha tenkt meg desse songane innimellom. Eg trur eg kjem til å lese den i papirutgåve seinare, for eg er ingen god lyttar. Lydbøker fungerer dessutan som sovemedisin på meg når eg sit på buss, tog, flyplass eller fly...
Bok 10 2009: "Devil's Work" av Margaret Yorke
Londonturen vel overstått
På grunn av mykje venting på buss vart turen unødvendig lang, men no er vi altså vel heime. Eg skal ikkje trøytte lesarar med detaljerte skildringar, men her er eit stikkordsmessig oversyn over turen vår:
Søndag kveld:
Nattbuss frå Folkestad til Gardermoen
Måndag:
Mykje tid på Gardermoen før flyet gjekk 18.30 norsk tid
Tog og tube til Paddington - budde på hotell i same gate som i vinterferien i fjor
Middag: Cottage pie på Garfunkel's i Paddington
Tysdag:
Madame Tussaud's
Museum of London
Natonal Portrait Gallery
National Gallery (Trafalgar Square)
Middag: kyllingrett på Bella Italia
Musical: Billy Elliot
Onsdag:
London Dungeon (veldig endra sidan 1996!)
Brick Lane
Middag: Chicken Korma i Brick Lane (eit høgdepunkt!)
London Eye
Musical: Les Misérables
Torsdag:
shopping
Covent Garden, Regent Street, Oxford Street og New Bond Street
Middag: Wraps på Garfunkel's i Paddington
Fredag:
Victoria and Albert Museum
Hyde Park
Harrods
Middag: blekksprut på italiensk restaurant i Kensington
Reiste til Stansted Airport
Sat oppe om natta og venta på bussen
Laurdag:
Buss frå gardermoen 10.15
Familien
Gamlas beste Londontips er å ha ein grovplan over kva ein skal gjere, og ei lang liste med ting ein har lyst til å gjere. Madame T og London D er ganske dyrt, og der kan vere mykje kø, så vi valde å legge dei aktivitetane tidleg på dag og heller fylle på med gratisaktivitetar så mykje ein har lyst og ork til etterpå. Eldstejenta vart temmeleg sliten dei to første dagane, medan Gamla heldt på å dåne på handledagen. Det var veldig lurt å setje av ein heil dag til shopping, og å reise tilbake til hotellet for å lesse av seg litt midt på dag. Dersom nokon treng selskapsdame på ein tur, er det berre å seie ifrå - eg seier nemleg som Eldstejenta: "Ej elska London!"
Abonner på:
Innlegg (Atom)
