onsdag 6. august 2008

Ha det på badet

Av og til er heimen utåleleg rotete, skiten og lite stilig. I går brukte eg dagen til å klippe plenar (3,5 av dei) og vaske ned det eine badet. Tanken på å begynne på det andre badet vart uuthaldeleg. Historia er at vi ikkje brydde oss med å innreie "nedebadet" skikkeleg før vi flytta inn. Planen var å kjøpe ei flott innreiing med tid og stunder, og så sette vi inn ei gammal (20 år), foliert bokhylle som "mellombels" løysing. No har det gått 8 år, og i dag innsåg vi unisont at vi aldri kjem til å prioritere å bruke 20000+ på ei drøymebadinnreiing. Turen gjekk til byggmix, der vi bestemte oss for ei pærefarga foliert innreiing (sjå illustrasjonsfoto) på 120cm + eit høgt skap. I tillegg kjøpte vi måling, noko inspirert av LilleMø, og fargen er Skagen, inspirert av Besta og Besten. Dessverre så var det leveringstid på 1 - 2 veker på innreiinga, så litt av luven datt ut av oss. Vel heime er eg litt usikker på heile prosjektet, men det blir sikkert bra når det blir ferdig. I alle fall betre enn den gamle bokhylla. ALT er betre enn den.

2 kommentarer:

  1. Badet er no fint det, men litt ny innreing gjer seg sikkert. Skulle gjerne hatt nyoppussa bad sjølv, men det blir nok ikkje noko av.Skap og skuffer blir det aldri nok av, forstår ikkje korleis vi hadde plass til alt då vi var heile familien.Alltid irriterande med ventetid.

    SvarSlett
  2. Skap er i alle fall meir ryddig enn hyller. Eg ser fram til å få meir orden, og så kan eg ønske meg handdukar i "gilde" fargar no når fargane elles blir så nøytrale.

    SvarSlett