Ungane begynner gradvis på ettermiddagsaktivitetar som fotball og musikkskule. I morgon, onsdag, begynner dei to eldste på skulen att. Som før nemnt har vi fornya garderoben ein smule, vi har kjøpt diverse brede og fargeblyantar, og no har også eldstejenta vore til frisør for å fornye seg til skulestart. Sjølv har eg hatt to innhaldsrike planleggingsdagar og treng snart ein ny ferie...
Reknar med at det er siste mote i frisyre? Ho har eit praktfullt hår i alle fall!
SvarSlettRart at ho alt skal ta til på siste året i ungdomsskulen-tida går så FORT.Ønsk henne lykke til!
No har eg vore til frisør også. Eg har funne ein ny vri; er ser meg ut ein frisyre på TV som eg kan tenkje meg, og så forlangar eg berre,for eksempel slik som i dag:SIV JENSEN, og så får eg frisyren hennar.(Men ikkje fargen!) Prøvde meg først med Eli Hagen, men den gikk ikkje!
SvarSlettHa ha, nei DET skulle ha teke seg ut! Bra at Willoch er ute av politikken, du...
SvarSlettJa, ute av politikken, men frisyren består!
SvarSlettHo var fin!
SvarSlett