tirsdag 3. februar 2009

Bok 6 2009: "Francis Meyers lidenskap" av Henrik Langeland


Kollegavenninne K vart begeistra for denne boka då ho las den før jul, og no var det min tur til å bli riven med. Handlinga i romanen er lagd til Universitetet i Oslo, der ein professor i litteratur forelskar seg i ei studine. Ikkje akkurat originalt, men tematikken inneheld svært mykje meir. Personleg hadde eg stor glede av å lese om forelesningane i litteratur, og i tillegg er her ei spenning knytt til nyoppdaga skrifter. Professoren har spesialisert seg på Tristan og Isolde, og håplaus kjærleik er såleis eit sentralt motiv. Intrigar i universitetsmiljø er sjølvsagt òg med. Noko eg likte godt, var at Langeland dikta seg sjølv inn som ein lite viktig biperson i romanen. Litt Hitchcock-aktig, på ein måte.

3 kommentarer:

  1. Eg hadde lave forventningar då eg las den boka, jamfør bildet på framsida, og vart positivt overraska!

    SvarSlett
  2. Denne boka fekk eg lyst å lese. Håper dei har lydboka, eller at ho er i kjømda.No kosar eg meg med Lars SC-spesielt "språket".
    T.d. Nordlendingen som seier til ein italiensk musikar:Jeg visste ikke at De snakket flytende gebrokkent norsk.
    Boka kan minne litt om Halvbroren.

    SvarSlett
  3. Eg kan òg anbefale Helene Uris bok som eg las i fjor sommar - for dei som likar å lese om universitetsmiljø. Eg fekk lyst til å ta nokre studiepoeng...

    SvarSlett