søndag 8. februar 2009

Bok 7 2009: "A Consise Chinese-English Dictionary for Lovers" av Xiaolu Guo


På engelskkurs i august vart denne boka nemnd, og eg såg fram til å få lese den. Romanen er ein slags danningsroman i det engelske språket og kulturen, og vi får følgje den 24 år gamle kinesiske hovudpersonen "Z" gjennom hennar opphald i London og på ei reise rundt i Europa. Det spesielle ved romanen er at den er skriven i den engelsken "Z" meistrar på det tidspunktet i handlinga ein les om, og den begynner med eit mildt sagt hjelpelaust språk. Ein lærer mykje både om England og Kina gjennom å lese denne boka, og så er her ei engasjerande kjærleikshistorie mellom "Z" og ein mann ho møter i London. Boka er for det meste skriven i andre persons synsvinkel, som ein tekst frå "Z" til mannen. Eg veit ikkje om den er omsett til norsk, men tvilar på at ein får fram hovudpoenga ved ei omsetjing. Som då mannen fortel "Z" at han er "vegetarian", og ho misforstår og trur han er "vegetative".

3 kommentarer:

  1. Dette hørest ut til å vere ei bok for spesielt interesserte, men dei er det fleire av.Som du seier ville den aldri bli det samme i norsk omsetting.

    SvarSlett
  2. Apropos språk, så prøv omsettaren på bloggen min. Der kan du få oppleve ein engelsk utan sidestykke!

    SvarSlett
  3. Boka er meir lettlesen enn det blogginnlegget mitt gir inntrykk av, er eg redd...

    SvarSlett