lørdag 28. februar 2009

Bok 11 2009: "Popsongar" av Frode Grytten


Grytten er ein fantastisk forteljar, og denne boka er nesten like god som "Bikubesong" (den er ein av mine favorittar). Forteljingane/novellene/tekstane er inspirerte av songar, og sidan eg høyrde boka som lydbok, kunne eg godt ha tenkt meg desse songane innimellom. Eg trur eg kjem til å lese den i papirutgåve seinare, for eg er ingen god lyttar. Lydbøker fungerer dessutan som sovemedisin på meg når eg sit på buss, tog, flyplass eller fly...

2 kommentarer:

  1. Eg prøvde å finne ut kva eg skreiv om boka, men eg gjekk vel for fort nedover på bloggen. Eg tenkte det same, ev ville høyrt songane. Dessutan likte eg bikubesong betre.

    SvarSlett
  2. Eg har lese begge dei nemnde bøkene, men Popsongar fungerte ikkje heilt for meg, fordi eg ikkje kjende alle songane.Elles er det slik at lydbøker fungerer som sovemedisin. Og det er bra-somme tider.
    Elles synest eg Grytten skriv ein fin nynorsk, litt dialektprega, og det likar eg.

    SvarSlett