søndag 1. mai 2011

1. mai 2011

Barnefaren og ungane reiste i konfirmasjon i dag, medan eg har retta, sola meg og gått tur i eit fantastisk sommarvêr. Eg hadde mest lyst på ein fjelltur sidan eg for ein gongs skuld hadde ein heil dag til rådvelde, men droppa det sidan eg ikkje hadde kamera (det var i konfirmasjon).

Eigentleg vert eg provosert når kyrkjene arrangerer konfirmasjon på Arbeidardagen, men dei stakkars konfirmantane og foreldra deira må berre innrette seg deretter. Dei har uansett vore utruleg heldige med vêret, og naturen har fått vise seg frå si absolutt vakraste side denne helga.

3 kommentarer:

  1. Her er det faste helgar til konfirmasjon slik at det vert forutsigbart, Ulsteinvik eig første og Hareid 2. helga i mai.
    Men det må ha vore annelis før, for Øystein er konfirmert 15. mai.
    No er det vel verken tog eller anna i bygda.
    Eg har feira som du.

    SvarSlett
  2. Eg meiner dei hoppa fram til 8. mai då eg var konfirmant, slik at ein freda Arbeidardagen.

    SvarSlett
  3. Trur ikkje her var konfirmasjon i dag, for her var som vanlig "Arbeidar-gudsteneste." Janne og Volda mannskor var der.
    Eg synest 1.mai skal vere freda. Her er no NOK søndagar i året. Men veldig kjekt for dei som fekk så fint ver på dagen sin.

    SvarSlett